Hopp til innhold

Fleire rekordar over Romsdalsfjorden

Når nye E39 kjem på plass i Møreaksen, står fleire norgesrekordar for fall. Både brulengde og den undersjøiske tunnelen under Romsdalsfjorden, set rekordar.

Harald Inge Johnsen

Harald Inge Johnsen er prosjektleiar i Statens vegvesen, og fortel om fleire norske rekordar når Møreaksen kjem på plass.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

For den som bryr seg om rekordar, vil den framtidige kryssinga av Romsdalsfjorden, vere noko å gle seg over. Her får ein sjå dimensjonar og tekniske løysingar utanom det vanlege.

Statens vegvesen la i dag fram eit nytt kostnadsanslag for E39 mellom Vik i Vestnes og Julbøen i Molde, og det viser seg at det blir 1,9 milliardar kroner rimelegare enn ein trudde. Prislappen som no ligg føre, blir på 14,5 milliardar kroner.

Som Storebeltbrua

Prosjektleiar Harald Inge Johnsen i Statens vegvesen seier dei tekniske løysingane blir tufta på kjende prinsipp, sjølv om dei er nyskapande. Og rekordar blir det altså.

– Brua over Julsundet får det lengste hovudspennet som nokon gong er bygd her i landet. Hardangerbrua har dagens rekord, men Julsundbrua får eit spenn som er 300 meter lenger, seier Johnsen.

Julsundbrua kjem på line med Storebeltbrua i Danmark, med same lengde på hovudspennet.

– Vindmålingane som er gjort i 2,5 år viser også at vindforholda er gunstige. Og vi har god kontroll på korleis ho skal utformast, seier prosjektleiaren.

Tryggaste tunnelen i landet

Vegvesenet kunne stolt også fortelje at den undersjøiske tunnelen under Romsdalsfjorden får ein tryggleik det ikkje er maken til i Noreg frå før.

– Vi får to parallelle tunnelløp, og maksimum 5 prosent stiging. Rømmingsvegane vil ligge tett, med 250 meters mellomrom.

Dette gjer at trafikantane møter ein heilt annan type tunnel enn dei er vandt til under sjøen.

Utfordringar

Sjølv om Møreaksen blir bygd på grunnlag av kjent teknologi, blir utfordringane fleire. Mellom anna ser vegvesenet at kryssområdet på Otrøya blir ei nøtt.

– Der blir det mykje sprengingsarbeid, og mykje skal skje samtidig. Kryssområdet blir svært trongt i eit område medfjellskjeringar. Nettopp der møter hengebrua tunnelar. Her stuper terrenget ut i sjøen, og dette blir utfordrande, seier Harald Inge Johnsen.

Reguleringsplanen for prosjektet er vedtatt i Vestnes og Midsund kommunar. No står dei siste avgjerdene att å ta i Molde, og dei kjem opp i kommunestyremøtet i desember.

Møreaksen