Hopp til innhold

Fleire nye smitta ved Vard

Totalt 16 personar har testa positivt for koronasmitte etter eit utbrot ved Vard Brattvåg. Skipsverftet stengde ned på torsdag etter at seks arbeidarar testa positivt. Dette skjedde etter at ein leverandør som hadde vore på jobboppdrag på verftet hadde testa positivt for covid-19. Totalt er rundt 360 personar med tilknyting til verftet testa. Dei som har testa positivt er busett fleire stadar:

  • To personar er busette i Ålesund kommune, og er i isolasjon der.
  • To personar er busette i andre kommunar i Møre og Romsdal. Den eine er i isolasjon i heimkommunen sin, den andre i Ålesund.
  • Éin person er busett på Austlandet, og er i isolasjon der.
  • 11 tilreisande personar er i isolasjon på Trohaugen i Tomrefjord.

– Det er funne samanheng mellom dei fleste smittetilfella, og smitten er relatert til to arbeidsområde. Det er så langt ukjent smitteveg, og det er for tidleg å sei om utbrotet på verftet kan ha tilknyting til andre lokale utbrot eller til andre smittekjelder, opplyser Ålesund kommune.

Det er ikkje avgjort når aktiviteten ved verftet vil starte opp igjen, opplyser Vard.

Vard har også i løpet av helgen fått informasjon om at to personar har testa positivt på testar som blir tatt før utreise til andre land. Dei to har vore på arbeid ved Vard Søviknes onsdag og torsdag denne veka. Tidlegare i veka har dei vore ved Vard Langsten. Dei har ikkje vore på oppdrag ved Vard Brattvaag, og har arbeida i Noreg sidan januar. På begge verfta er det gjennomført ekstra reinhald og desinfeksjon av aktuelle område som dei har arbeidd i. Dei to smitta og nærkontaktane er alle i isolasjon på Trohaugen, i tillegg er nokre arbeidarar i ventekarantene. Ingen av dei har symptom, skriv Vard i ei pressemelding. Drifta går som normalt ved Vard Søviknes og Vard Langsten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL