Hopp til innhold

Smitteoppblomstring fleire stader i landet - no stengjer skipsverft og militærleir

Fleire stader i landet blussar koronasmitten opp igjen. I Ålesund stengjer eit heilt skipsverft. I Bodø er dei vernepliktige i ein militærleir nærast låst inne.

Vard Brattvåg

Det er oppdaga smitte ved Vard Brattvaag dermed stoppar arbeidet opp dei neste dagane medan alle tilsette blir testa. Leiinga ved Vard seier dei økonomiske kostandene er store.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Dei siste dagane har folk i hovudstaden forsiktig trekt pusten og begynt å tenkje på å kome tilbake til ein meir normal kvardag.

No strammar koronasmitten grepet fleire andre stader i landet.

Nestkommanderende forsvarets operative hovedkvarter, generalmajor Lars Christian Aamodt

Generalmajor Lars Christian Aamodt ved Forsvarets operative hovudkvarter vil ikkje sjå nokon av dei vernepliktige utanfor kaserna før smitteutbrotet er under kontroll.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

I Bodø er 153 vernepliktige nærast låst inne i leiren for å unngå smitte etter at 14 personar tilknytt Forsvaret har testa positivt.

– Eg har nærast låse dei vernepliktige inne for å unngå at vi sprer smitte ut i samfunnet. Det er ei viktig oppgåve for oss. Eg har også bedt mine tilsette om å ikkje benytte seg av det delvis opne bodøsamfunnet, seier generalmajor Lars Christian Aamodt ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Også på marinebasen Haakonsvern i Bergen er det eit pågåande smitteutbrot. Sju er hittil stadfesta smitta og 300 i karantene og i går fekk dei vernepliktige forbod mot å ta permisjon frå basen, skriv BT.

Ny rekord i talet på pasientar

I Stavanger er det sett ny rekord i talet på pasientar som er innlagt med koronasmitte. Det er no 21 personar, og sjukehusleiinga vurderer no tiltak for å få kontroll på situasjonen.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Det har aldri vore fleire pasientar innlagt med koronasmitte ved Stavanger universitetssykehus.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Det kan bety at ein må opne ein ny pandemipost, og stengje ein annan post, som vil få store konsekvensar for drifta. Leiinga ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) håper i det lengste å unngå dette.

– Men vi vurderer fortløpande om vi må opne ein ny pandemipost, seier beredskapssjef Elisabeth Haga Jacobsen.

Torsdag blei den indiske mutasjonsvarianten av covid-19 oppdaga i Stavanger. Ifølgje Stavanger Aftenblad var det laboratoriet ved SUS som påviste virusvarianten sist veke, men det skal vere snakk om eitt tilfelle, og ingen smitte.

Stengde verftet torsdag

Også på Sunnmøre er det meldt om fleire smittetilfelle dei siste dagane. I Ålesund kommune er det sett ny smitterekord med 17 nye tilfelle det siste døgnet. I tillegg har seks arbeidarar testa positivt på hurtigtest. No stengjer Vard eit heilt skipsverft i bygda Brattvåg.

Kommunikasjonsdirektør i Vard, Hege Akselvoll

Kommunikasjonsdirektør i Vard, Hege Anita Akselvoll.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vårt hovudfokus no er å få oversikt over situasjonen og hindre smittespreiing, seier kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll.

Dermed får ingen av dei omlag 275 arbeidarane gå på arbeid dei første dagane, men blir testa fortløpande.

Allereie sist natt starta nedvask av verftet og ved skipet til kai.

Nedstenginga inneber at alt arbeid på verfet stoppar opp. Førebels er det usikkert kor lenge det går før dørene på verftet kan opnast igjen, og kor mykje verftet vil tape på nedstenginga.

– Avhengig av rask reaksjon

Folkehelseinsituttet publiserer kvar veke tal for koronasmitte i Noreg. Den siste vekesrapporten viser at smitten no totalt sett går ned i landet, men at det er fleire lokale utbrot, mellom anna i Agder og Møre og Romsdal. Dei fleste kommunar har få eller ingen smitta.

– I desse kommunane er det nødvendig å vere vakne og raske ved teikn på utbrot, skriv FHI.