Hopp til innhold

Fleire går i fjellet i sommar

Turistforeininga sine hytter har hatt godt besøk så langt i sommar, men det største innrykket til fjells er venta no.

Nersetra

Nersetra er det største anlegget på Fjordruta til Kristiansund og Nordmøre turistforeining.

Foto: Roar Halten / NRK

Sommaren er høgsesong for fjell og friluftsliv. Den Norske turistforeining har 500 hytter over heile landet, og sjølv om tal for overnattingar så langt i sommar ikkje er klare enno, ser styreleiar Eirik Gudmundsen i Kristiansund og Nordmøre Turistforening ein klar tendens.

– Det har vore litt kaldt, men lite nedbør. Vêret gjer at trafikken har tatt laust litt tidlegare enn vanleg, seier Gudmundsen.

Eirik Gudmundsen

Eirik Gudmundsen i Kristiansund og Nordmøre Turistforening opplever ein jamn auke av folk som går i fjellet.

Ei veke på fjellet

Turistforeininga opplever ein jamn auke. Stadig fleire går frå hytte til hytte og brukar mange dagar i fjellet.

– Vekesturar byrjar å bli meir vanleg enn før, seier Gudmundsen.

Kristiansund og Nordmøre Turistforeining har stor suksess med Fjordruta som startar ved flyplassen utanfor Kristiansund og strekker seg 15 mil til Halsa på Nordmøre. Her ligg hyttene så lett tilgjengeleg, at det er mogleg å reise med buss.

Mykje gjestar i Tafjordfjella

Reindalsseter i Tafjordfjella

På Reindalseter Turisthutte i Tafjordfjella er det 95 sengeplassar.

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Også ved Reindalseter Turisthytte i Tafjordfjella har dei tru på at sesongen blir bra.

– Vi merkar no at fellesferien har starta. I natt har vi hatt 50 gjestar, seier Liva Fjeld, som er styrar ved turisthytta.

På Reindalsetra har det blitt arrangert både Barnas turdag og yogacamp. Fjeld seier at dei har eit vidt spekter av gjestar. Det er alt frå barnefamiliar, erfarne fjellfolk og folk som aldri har vore på fjellet før.

Gjestane kjem også frå mange ulike land. No har Reindalsseter besøk frå Saudi-Arabia.

– Dei brukar nok lengre tid på å gå enn nordmenn, men dei kjem seg fram, seier Fjeld.

Det er frå 20. juli og utover i august at det verkelege storinnrykket i høgfjellet startar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL