NRK Meny
Normal

Fleire ferjesamband er innstilte

Vinden stoppar fleire ferjer i Møre og Romsdal. I Dalsbygda er vegen stengt på grunn av rotvelt og det har vore straumutfall fleire stader.

Ferjekaia på Kvamsøy

Vinden gjer at fleire ferjer i Møre og Romsdal er innstilte. På Kvamsøya er ferja innstilt resten av 2. juledag.

Foto: Willhelm Støylen / NRK

Ekstremveret Urd nådde orkan styrke fleire stader i landet i 18-tida, ifylgje Meteorologisk institutt. I Møre og Romsdal og Trøndelag vil det kome ein sterkare vind enn det ein tidlegare trudde og måndag kveld kan det bli storm.

Fleire ferjesamband er innstilte i samband med uveret:

  • Molde-Vestnes
  • Molde-Sekken
  • Solholmen- Mordalsvågen
  • Seivika-Tømmervågen
  • Hareid-Sulesund. Der startar A-ruta opp klokka 21, men kan bli innstilt på kort varsel på grunn av vertilhøva.
  • Lauvstad-Volda
  • Skjeltene- Haramsøya-Lepsøya
  • Koparneset-Årvik
  • Finnøya-Orta
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya
  • Lekneset - Sæbø
  • Kvanne-Rykkjem
  • Eidsdal-Linge

Festøya-Solevågen har redusert kapasitet, fordi det berre går ei ferje i sambandet.

Fylkesveg 40 mellom Dalsbygda og Steinsvika i Volda er stengt på grunn av rotvelt. Også fylkesveg 63 mellom Geiranger og Eidsdal er stengt på grunn av veret. Det same gjeld fylkesveg 668 Midsund, på strekninga Dryna-Solholmen.

Fleire stader i fylket har det også vore straumutfall måndag kveld. I delar av Dalsfjorden i Volda manglar innbyggjarane straum. Feilretting vil pågå i natt. I store delar av Herøy og deler av Sande førte ein forbigåande feil på linja til to utkoplingar. Feilen er ikkje funnen.

Også i Hareid har folk vore utan straum på grunn av vinden. Mørenett opplyser klokka 20.45 at det berre er Hareiddalen som er ute no.

Istad Nett melder 21.50 at dei har straumutfall i Flemma.