Hopp til innhold

Fiskeridirektoratet kan forsvinne frå Ålesund

Regionkontoret til Fiskeridirektoratet i Ålesund kan bli flytta til Trondheim. Det kjem fram i eit forslag til omorganisering av Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet har hatt regionkontor i Ålesund

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kristin Skarbøvik

Kristin Skarbøvik er kontsituert regionsjef i Fiskeridirektoratet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ingen skal miste jobben, men enkelte kan måtte skifte arbeidsstad, seier konstituert regionsjef i Fiskeridirektoratet, Kristin Skarbøvik.

Forslaget om å flytte kontoret kjem frå ei arbeidsgruppe i direktoratet. Dei tilrår ei løysing med tre regionkontor i Noreg, mot sju i dag. Ålesund blir i så fall ein del av regionen som strekk seg frå Vanylven i sør til Andøya i nord, med administrasjon i Trondheim.

– Våre tilsette i Møre og Romsdal ønskjer at regionkontoret blir her, så dette gir jo ein utryggleik hos våre tilsette, seier Skarbøvik.

Vil behalde kontoret i Kristiansund

Avdelinga i Ålesund kan bli gjort om til eit distriktskontor, medan avdeliga i Kristiansund skal behaldast i følgje forslaget. Kontoret Fosnavåg er også foreslått nedlagt. No åtvarar Fiskarlaget mot planane.

Ole Morten Sorthe

Ole Morten Sorthe i Fiskarlaget meiner det er gode grunnar for å behalde regionkontoret i Ålesund.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Etter vår meining misser Fiskeridirektoratet med dette nærleik til Møre og Romsdal, og vi fryktar at det då vil bli rekruttert folk til dirkektoratet som har så god basiskunnskap om fiskeri som vi har her i fylket, seier dagleg leiar Ole Morten Sorthe.

Det er Fiskeriministeren som skal ta den endelege avgjerda i saka. Avgjera skal vere klar i løpet av få veker.

Regionkontoret til Fiskeridirektoratet i Ålesund kan bli flytta til Trondheim. Det kjem fram i eit forslag til omorganisering av Fiskeridirektoratet, saka blir avgjort om få veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL