Store mengder torsk rømte frå Ode, tidlegare kalla Gadus Group, sitt oppdrettsanlegg i Volda i september. Dette er ei av dei største rømmingane på lang tid.
Fiskeridirektoratet oppretta tilsynssak og no får selskapet pålegg om å rette ei rekkje manglar.
– Hendinga er svært alvorleg, men det er ikkje uvanlege avvik vi har gitt, seier Leni Marie Lisæter, som er konstituert seksjonssjef for akvakultur i Fiskeridirektoratet.
Dei påpeikar kor viktig det er å ha ei god risikovurdering for torskerømming, sidan historia frå tidlegare oppdrettsanlegg viser kor ivrig torsken er til å kome seg ut av nota.
Leni Mari Lisæter i Fiskeridirektoratet seier torsketømminga i Volda var alvorleg.
Foto: PrivatDette meiner Fiskeridirektoratet er manglane:
- Selskapet har ikkje drive kontinuerleg overvakingsfiske ved lokaliteten før rømminga slik kravet er.
- Verksemda har ikkje i tilstrekkeleg grad ein oppdatert beredskapsplan
- Risikovurderinga for rømming er ikkje god nok
- Beredskapsplanen inneheldt ikkje informasjon om korleis gjenfangst av rømt torsk kan effektiviserast
- Verksemda kan ikkje dokumentere at dei tilsette i tilstrekkeleg grad har gjennomført opplæring for å unngå, oppdage og avgrense rømming
Meiner nøtene ikkje var konstruert riktig
Ode har frist til måndag med å sende sine kommentarar om avvika til Fiskeridirektoratet. Falk Øveraas som er samfunn- og myndighetskontakt i Ode seier at dei ikkje vil uttale seg i saka før dei har sendt inn sine merknader.
Tidlegare har selskapet uttalt at årsaka til torskerømminga var at nøtene ikkje var konstruert korrekt. Det vart funne hol i tre heilt nye nøter.
Desse blei bytta ut.
Sveinung Dale fekk over 30 oppdrettstorskar i garnet i vinter.
Foto: privatFår oppdrettstorsk i garnet
Mange månader etter rømminga får fiskarane i Volda framleis oppdrettstorsk i garna sine. I vinter sette hobbyfiskar Sveinung Dale rekord med 32 oppdrettstorskar i garnet.
– Det er ikkje slik det skal vere. Oppdrettstorsk skal vere inne i merdane og ikkje lause i sjøen, seier Dale.
Dale aner ikkje kor lenge han kjem til å få oppdrettstorsk i garnet. Han meiner styresmaktene må sette ned foten for fleire oppdrettsanlegg for å unngå fleire rømmingar.
– Dette må dei berre avslutte. Eg vil ikkje ha oppdrettsfisk i sjøen, seier Dale.
Kartlegg torsken
Havforskingsinstituttet er i gang med å kartleggje genane til torsken i eit område på 20 kilometer i omkrins frå der rømminga skjedde.
Forskarane får hjelp frå lokale fiskarar som måler kor lang torsken er, ser etter om den er kjønnsmoden og om den ser ut som oppdrettsfisk. Torskehovuda blir sende til Havforskingsinstituttet for analyse, fortel Terje van der Meeren.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Det er mykje torsk som har rømd, og når den veks til og vert kjønnsmoden er det viktig å få vite om den kryssar seg med villtorsken. Difor må vi ha ein oversikt over dei genetiske tilhøva hos villtorsken i desse fjordane, seier Terje van der Meeren, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet.
Han seier at det ikkje er ønskeleg at oppdrettsfisken skal reprodusere seg med villtorsken, fordi dei ikkje veit kva konsekvensane kan bli. For laksen vart resultatet av slike blandingar at avkommet fekk dårlegare overleving.
Havforskingsinstituttet er også i gang med å kartleggje gyting hos torsken i og rundt Meløy kommune etter at det vart observert rømd oppdrettstorsk der.