Normal

Fiskar: – Har ikkje sett ein slik skapning i garnet før

Skapningen set eit kjølig og nesten uhyggeleg blikk i deg. Men heksekrabben er meir fasinerande enn farleg. Berre fire av slaget er registrerte i Noreg.

Heksekrabbe ser deg i augo

Heksekrabben dukka opp frå djupet ved Buagrunnen på Romsdalskysten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han fekk seg litt av ein stuss, den erfarne fiskaren Jan Arild Hammerøy, då han drog breiflabbgarnet på Buagrunnen på Romsdalskysten seint måndag kveld.

– Eg har vore fiskar i 25 år, men aldri sett ein slik skapning i garnet før, seier Hammerøy.

Med eit spenn på 80 -90 centimeter mellom var det tydeleg for dei to om bord i sjarken, at det dreidde seg om ein slags kjempekrabbe frå havdjupet. Men kongekrabbe var det ikkje.

Heksekrabbe ombord i båt

Heksekrabben har nett kome om bord i sjarken til Hammerøy, og verkar litt skeptisk.

Foto: Per Arild Hammerøy

Lurte fælt

Fiskaren og medhjelparen Joakim Rishaug Bergset klødde seg i hovudet, og lurte fælt på kva dei hadde fått om bord.

– Internett var løysinga. Det viste seg at det var ein heksekrabbe, nokså sjeldne greier på våre trakter. Den kjem eigenleg frå Afrika, seier Hammerøy.

Selfie av mann

Jan Arild Hammerøy tok eit sjølvfoto like før heksekrabben steig opp av havet saman med breiflabbgarnet.

Foto: Per Arild Hammerøy

Straks akvariet i Ålesund, Atlanterhavsparken, høyrde om krabben, melde dei seg som mottakar av den sjeldne gjesten. Fleire av arten skal vere observerte i våre farvatn, men berre fire er registrerte.

Leirskulen trødde til

Leirskulen på Nordre Bjørnsund ligg så å seie midt på fiskebankane. Årleg kjem 1500 elevar frå heile landet hit, og skulen tar også gjerne i mot rare skapningar lokale fiskarar drar opp frå havet.

Heksekrabben er ein velkomen gjest, sjølv om det berre blir ein svipptur innom og eit par overnattingar på vegen til Ålesund.

To menn med heksekrabbe i hendene

Heksekrabben som blei teken opp av djupet på Buagrunnen, er i gode hender hos Sigurd Hungnes t.v. og Espen Floberghagen ved Bjørnsund leirskule.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi er heldige for lokale fiskarar kjem ofte innom med rare skapningar frå havet. Mange av elevane våre kjem frå skular i Østerdalen og Austlandet elles, og det er fantastisk å vise dei ulike raritetar frå havet, seier rektor Sigurd Hungnes.

– Denne er nesten litt skummel med dei lange, likbleike beina, skyt kollega Espen Flobergseter.

Dei to meiner å kunne slå fast at dette er ein ho-krabbe som også er ein berekrabbe.

Heksekrabbe tatt på Buagrunnen i Romsdal

No skal gjesten frå Afrika gjere sunnmøring av seg i akvariet i Ålesund.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det ser vi av at beina er høgt plassert oppe på ryggen, og fordi det bakre beinparet er snudd slik at beina faktisk peikar over ryggen. Krabben ber svampar og liknande på ryggen som matpakke og kamuflasje, fortel dei.

Blir sunnmøring

– Dette er herleg! Dette elskar vi, seier ein entusiastisk dagleg leiar og akvarist ved Atlanterhavsparken i Ålesund, Rune Veiseth. Han gir honnør til yrkesfiskarar som gir underlege skapningar vidare til akvariet.

Portrett av mann

Rune Veiseth er driftsleiar og akvarist ved Atlanterhavsparken i Ålesund, og gler seg over at akvariet blir bustad for heksekrabben.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ut frå bilete meiner også Veiseth at det dreiar seg om ein ho-krabbe.

– Hoene blir størst, kan ha halvmeter lange klør og måle over ein meter mellom klørne, seier han.

Han seier heksekrabben er ein sjeldan art hos oss, men finst både i Afrika, i det austlege Atlanterhavet, Middelhavet og nordover til Færøyane, Island og Shetland.

Atlanterhavsparken har tre av slaget frå før, men alle dreg på åra.

– Denne skal vere med og sikre spanande møte for publikum i åra framover, så dette er stor stas, slår akvaristen fast.

Ein heksekrabbe vart teken på Buagrunnen i går kveld og levert til leirskulen på Bjørnsund. Berre fire eksemplar av arten er registrert her i landet før.