Hopp til innhold

Fire firma får levere tilbod

I konkurransen om å bygge nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal blir fire firma no invitert til å levere tilbod. Totalt fem entreprenørar hadde søkt om å gi tilbod på bygginga, men eit firma blei ikkje kvalifisert til oppdraget. Dei fire er Betonmast AS, Hent AS, Skanska Noreg AS og Veidekke Entreprenør AS. Dei får frist fram til 12. juli til å komme med tilbod på bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Det opplyser Helse Møre og Romsdal.

Hovudinngang for fellessjukehuset på Hjelset, SNR
Foto: Helse Møre og Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL