Hopp til innhold

Ålesund kommune må rette fleire avvik

Ålesund kommune må rette opp fire avvik på nettsidene sine, etter ein kontroll som Direktoratet for forvaltning og IKT har gjort.

Ålesund rådhus ny fasade

Direktoratet for forvaltning og IKT har hatt tilsyn på nettsidene til Ålesund kommune.

Foto: Ålesund kommune

Avvika er frå minstekrava og i tillegg har Direktoratet også to merknader på område der kommunen kan bli betre.

Tilgjengeleg for alle

Ålesund kommune sine nettsider

Direktoratet meiner det er fire avvik på nettsidene til Ålesund kommune.

Foto: Skjermdump

Undersøkinga er gjort for å sjå om nettsidene held krava til universell utforming, slik at dei er tilgjengelege for alle. Hovudtema for kontrollen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettsdene.

Kommunikasjonsrådgivar Anette W. Petersen, som leiar arbeidet med nettsidene til kommunen, er fornøgd med tilbakemeldingane.

Retting pågår

– Vi jobbar systematisk med å rette oss etter dei strenge krava til universell utforming, seier Pettersen, og viser til at dei merknadene kommunen har fått allereie stod på deira eiga arbeidsliste.

Informasjonssjef Anne Bente Skjellum i Ålesund kommune

Ålesund kommune arbeider med å rette avvika, seier kommunikasjonssjef Anne Bente Skjellum.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Ifølge kommunikasjonssjef Anne Bente Skjellum gjeld dei fleste avvika skjema og postliste levert av ein ekstern leverandør. Og kommunen jobbar no med ein plan for rettinga, slik at mellom anna innsyn i og tilgang til postlister skal bli lettare.

– Vi er i dialog med denne leverandøren, slik at feila blir retta opp. Mykje er allereie retta medan noko krev meir tid, seier Petersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL