Hopp til innhold

– Løft for ferje mellom Aure og Hitra

Ein mangeårig kamp for eit ferjesamband mellom Aure og Hitra ser ut til å gi resultat, meiner Aure-ordføraren.

Ingunn Golmen

Ordførar i Aure, Ingunn Golmen (Sp) kjempar for kortare avstand mellom Aure og Hitra.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er eit tett samarbeid mellom næringslivet i Aure på Nordmøre og Hitra i Sør-Trøndelag, men utan ferje er avstandane store.

No har kampen for eit ferjesamband mellom Aure og Hitra kome eit godt steg nærare mål gjennom merknadane i Stortinget si behandling av kommuneproposisjonen.

– Denne stortingsbehandlinga har gitt prosjektet eit viktig løft, seier Aure-ordførar Ingunn Golmen (Sp).

– Eit godt steg nærare realisering

Før brusambandet over Imarsundet kom på plass i 2007 gjekk det ferje mellom Hitra, Smøla, Tusna og Vinsternes i Aure kommune, men sidan den gong har det ikkje vore noko ferjesamband der. Kampen for å få det tilbake et samband har pågått lenge.

Golmen er ein av dei som har jobba for å få inn ein merknad i kommuneproposisjonen der ferjesambandet vart nemnd.

– Det har vi lykkast med og no synast eg at vi har kome eit godt steg nærare realisering.

Regjeringspolitikarane er altså bedne om å sette i gang eit arbeid for å sjå på korleis finansieringa av nye ferjesamband skal gjerast.

– Eg håper vi får på plass dette sambandet innanfor forholdsvis kort tid, seier Ingunn Golmen.

Les også:

– Berre å trykke på vidare

Med kort tid meiner Ingunn Golmen at sambandet bør vere på plass seinast om 3 år. No vert jobben hennar å passe på at utgreiingsarbeidet vert sett i gang,

– Eg skal også passe på at arbeidet ikkje tek for lang tid og at dei ikkje finn på for mange krinkelkrokar for å unngå å få det inn.

– Så tenkjer eg at det berre er å trykkje på vidare overfor dei to fylka.

Merknaden i kommuneproposisjonen handlar spesifikt om sambandet Aure-Hitra, men det er også ein fleirtalsmerknad som seier noko meir generelt om korleis nye samband skal verte innarbeidde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL