Hopp til innhold

Ferje gjekk på grunn i Aure

Ferja MF «Driva», med 23 personar om bord, gjekk på grunn ved Arasvika ferjekai på Nordmøre. Det er så langt uklart kva som er årsaka til hendinga.

Ferja Driva gjekk på grunn

DRIVA: Ferja MF «Driva» har gått på grunn ved ferjekaia på Arasvika.

Foto: Jarl André Kofoed Jørgensen

Det var politiet som først melde om hendinga 12.20 torsdag.

Ifølge Fjord1 var det 20 passasjerar og eit mannskap på tre om bord i ferja då ulykka skjedde.

Ferja MF Driva gjekk på grunn i Aure

Ferja gjekk på grunn like ved ferjekaia.

Foto: JARL ANDRÉ KOFOED JØRGENSEN

Kapteinen har sjølv uttalt til VG at det nok var umerksemd som var årsaka til grunnstøytinga.

Odd Reidar Ormåsen, regionleiar i Fjord1, seier til NRK at dei likevel ønskjer å gjere ei fullverdig undersøking og gransking av årsaka.

Det er ikkje meldt om personskadar.

– Heldigvis skal det ha gått bra med alle om bord, og det er det viktigaste, seier Ormåsen.

Evakuert av ferja

Rundt 14.30 har passasjerane blitt evakuert av ferja.

– Sju blei med politibåten, medan resten blir tatt i land av redningsskøyta. Mannskapet på tre blir igjen om bord i ferja til slepebåten kjem, seier Ormåsen.

Odd Reidar Ormåsen

FJORD1: Odd Reidar Ormåsen, regionleiar i Fjord1, seier hendinga vil bli granska.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ferja står fast på grunn og skadeomfanget er ukjent, men det skal så langt ikkje vere fare for fartøyet. Skadeomfanget vil bli undersøkt av dykkarar før ferja blir forsøkt fjerna.

– Vi har bestilt ein slepebåt, men det blir fort ettermiddag/kveld før ferja kan bli slept i land. Flo og fjøre er også ein faktor. Vi håper å få ei oppdatering frå dykkarane snart, seier regionleiaren til NRK i 14.00-tida.

Han trur dei vil kunne slepe båten i land rundt klokka 22:00 i kveld når floa har kome.

Fjord1 jobbar også med å finne alternativ transport for passasjerane medan dei ventar på å få igjen bilane sine.

Politiet har gjort avhøyr

Politiet har også vore på staden og avhøyrt dei involverte. Dei opprettar ei sak på forholdet.

Ferjesambandet var innstilt heilt torsdag på grunn av ulykka, men er tilbake i rute frå klokka 11.00 fredag.

Leiinga ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune var samla etter at dei fekk meldinga, og opplyser at dei følger hendinga tett.

Ferja MF Driva gjekk på grunn ved ferjekaia i Arasvika i Aure.

Data frå Marine Traffic viser ruta til ferja då den grunnstøytte.

Foto: Marine Traffic

Var på veg til kamp

Jarl André Kofoed Jørgensen stod på ferjekaia på Arasvika då ulykka skjedde.

– Vi skulle ta ferja for å reise til Trondheim på Rosenborg-kamp. No blir det å køyre ein omveg, seier han.

Kofoed Jørgensen fortel vidare at dei ikkje fekk med seg kva som skjedde då ferja gjekk på grunn, men at dei kunne sjå at det var folk og bilar om bord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga