Hopp til innhold

Desse bøndene meiner dei har lurt barna sine

Fem bønder i Møre og Romsdal lurer på om dei har lurt barna sine. Dei har nemleg ført over gardsdrifta til neste generasjon. Det skulle dei kanskje aldri ha gjort ifølge seg sjølve.

Kårkallar og ung bonde

Martinus Hjørungdal er i ferd med å ta over gardsdrifta etter faren, Per Gunnar, som dermed vert kårkall. Han og fleire andre bønder er uroa over at dei lurer neste generasjon inn i ei vanskeleg framtid med dårlege vilkår for norske bønder.

Foto: Arne Flatin / NRK

Paul Sindre Vedeld (57) frå Rovde på Sunnmøre dreiv gard på heiltid frå 1991 til 2012. Deretter tok han supplerande arbeid for å få det til å gå rundt. Likevel førte han over garden til neste generasjon for tre år sidan.

Bonde Paul Sindre Vedeld

Bonde Paul Sindre Vedeld

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi er fem tidlegare eigarar av store gardsbruk som har vore oppbygde gjennom svært mange år. Vi har satsa alt og teke på oss stor gjeld og gitt over til neste generasjon. No synest vi det er tøft for dei.

Med den økonomiske utviklinga og den kostnadsauken som er i landbruket no så lurer Vedeld verkeleg på om han har lurt sonen sin til å gjere noko han ikkje burde ha gjort.

Familiebedrifta Hjørungdal gard

Denne maidagen er vi på Hjørungdal gard, på Ulset i Hareid kommune. Her er Per Gunnar Hjørungdal (60) no i ferd med å verte «kårkall» og føre over drifta til neste generasjon, Martinus Hjørungdal (35).

I fjøsen har Martinus to av sønene, Magnus og Martinus, i hælane. Det verkar som dei i alle fall er veldig interesserte i det pappa og bestefar styrer med.

3 generasjonar på Hjørungdal gard. No er eldstemann på bildet i ferd med å føre over gardsdrifta til neste generasjon. Spørsmålet er korleis vilkåra vert både for han og eventuelt for generasjonen etter der.

3 generasjonar. Bak frå venstre Martinus Hjørungdal som no tek over gardsdrifta. Til høgre avtroppande bonde, snart kårkall, Per Gunnar Hjørungdal. Fremst to av barnebarna hans: Magnus til venstre og Martin til høgre

Per Gunnar og Martinus har drive saman allereie i rundt 15 år, men no er Det Martinus som får hovudansvaret. Per Gunnar er likevel usikker på om han kan trappe ned.

– Det vert ein ny epoke for meg dette, men pensjonist vert eg no aldri. Han som tek over treng all den arbeidskrafta han kan få, seier han.

Og yngstemann vel å vere optimist trass i at det vert krevjande tider.

Martinus Hjørungdal i fjøsen

Martinus Hjørungdal, bonde i Hareid kommune, tek seg litt tid med ein av kalvane i fjøsen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Utfordringa er arbeidsbelastninga. Det merkar eg stadig meir etter kvart, særleg når ein får ungar sjølv. Trass i det likar eg dette arbeidet og har trua på at det må ordne seg til slutt. Men eg kan ikkje halde på til evig med å jobbe så mykje som no, seier Martinus Hjørungdal.

– Har jobba gratis i mange år

Odd Einar Fjørtoft (68) har drive gard på øya Fjørtofta på Sunnmøre i mange år. Han har i dag 250 storfe og ein mjølkekvote på 450 tonn. Det vil seie; han har også ført over drifta til neste generasjon. Målet er å kunne bidra til han er 75.

Bonde Odd Einar Fjørtoft

Bonde Odd Einar Fjørtoft

Foto: Arne Flatin / NRK

– Både ho eg bur med og eg har jobba gratis på garden sidan overdraginga i 2014 for at ungane våre skal ha høve til å ha ei brukbar inntekt, Og sjølv om eg har gitt frå meg ansvaret er det vanskeleg å ta ut ein ferie på til dømes eit par veker.

Eg synest det er vanskeleg å sjå på framtida. Det må kome ei stor endring som gjer at jordbruket får ein betre økonomi enn i dag.

Må arbeide for fullt

Bonde Malvin Harnes

Bonde Malvin Harnes

Foto: Arne Flatin / NRK

68-åringen Malvin Harnes har drive gard på Harøya på Sunnmøre. Også han seier han også arbeider for fullt.

– Det er no arbeid frå halv åtte om morgonen Det er nok av arbeidsoppgåver. Og då barnebarnet måtte vere heime frå barnehagen måtte eg ta han med på fanget i traktoren.

Felles for alle desse fem gardbrukarane her er at dei har teke over mange mindre bruk. Dermed er det ingen over dei som kan ta over og kjøpe dei ut om dei skulle ønske det.

I mange bygder er det berre eitt stort gardsbruk igjen no, seier Harnes.

Martin Toreli (56) har drive gard i Eide i Hustadvika kommune i mange år. Han har også ført over til neste generasjon.

Bonde Martin Toreli

Bonde Martin Toreli

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg er bekymra over han som har teke over. Først og fremst på grunn av gjeldsbelastninga og arbeidsbelastninga. Og det går sjølvsagt utover meg også for eg må no jobbe gratis resten av livet.

Krev meir pengar og betre vilkår

– Produsentprisane må opp og vi må ha full kostnadsdekning frå Staten på dei ekstraordinære kostnadene som har kome i år, seier Paul Sindre Vedeld.

Han siktar til jordbruksforhandlingane, der tilbodet frå staten kjem torsdag 5. mai. Kravet frå bøndene er allereie levert. Det er på rekordhøge 11,5 milliardar kroner.

– Vi må ha auka tilskot og først og fremst på område som handlar om familie, små ungar, sjukdomsavløysing, fødselspengar. Alle desse tinga her som er veldig dårleg i landbruket i dag, meiner Vedeld.

Kårkallar samla på Hjørungavåg.

Frustrerte kårkallar som no arbeider gratis på gardane som dei har overdrege til neste generasjon.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL