Då Henrik Bondevik fekk ein telefon frå sjølvaste Kringkastingsorkesteret (KORK) seint måndag kveld, var han ikkje vond å be. Allereie tysdag morgon sat han på flyet til Oslo.
– Eg fekk tilbod om å vere innleigd vikar i ei veke for å spele kontrabass saman med KORK, seier Bondevik.
Dei siste dagane har han øva saman med KORK, og torsdag kveld spelar han sin første konsert saman med det kjende orkesteret.
– Det har vore heilt fantastisk. Orkesteret er veldig fint og både dirigenten og solistane har er utruleg flinke, seier Bondevik.
Konserten kan du høyre her frå klokka 19.30:
– Stort å få spele med KORK
Trass i sin unge alder har 22-åringen allereie nådd langt.
For tida studerer han ved institutt for musikk på NTNU i Trondheim, og like før jul vann han eit stort stipend frå Ingar Dobloug Stiftelse. Bondevik får dermed dekt Master-utdanninga si på kontrabass i to år ved ein utanlandsk studiestad i England eller Sveits.
– Eg byrja på kontrabass då eg var 16 år og har jobba hardt. Eg har tatt timar og kurs både i Noreg og i utlandet for å kome dit eg er no, seier han.
I kveld når han ein ny milepæl når han får spele saman med KORK under Torsdagslive på Universitetets aula i Oslo. Bondevik synest det er stort å få spele saman med orkesteret.
– Det er fantastisk å få vere her. KORK er heile Noregs orkester så det er litt annleis å spele med dei enn i eit vanleg orkester. Då speler du som regel berre til publikum i salen, medan KORK når ut til folk i heile landet gjennom radioen, seier han.
Bondevik fortel at det har vore ein barndomsdraum for han å kunne spele i eit orkester, og at det difor er ekstra kjekt å kunne spele saman med KORK:
– Eg har høyrt dei på radioen mange gangar, så det å kunne sitte her å spele saman med dei er veldig gøy, seier han.
- Les også:
Viktig å vere audmjuk
Bondevik, som berre skal vere vikar i ei veke, håper likevel at dette kan vere starten på noko meir.
– Eg håpar dette berre er starten. Dersom det nokon gong blir ein leidg jobb her så kjem eg til å vere rask å søke, seier han.
22-åringen har likevel beina planta godt på jorda.
– Eg jobbar hardt for det eg gjer, men samtidig må ein vere audmjuk når ein får ein slik sjanse. Då må ein stå på og gjere sitt beste slik at ein kanskje blir spurt igjen. Eg trur det er viktig å aldri slutte og jobbe for å få til nye ting, seier Bondevik.
Stykka som blir spelt under Torsdagslive i kveld er:
- David Bowie + Brian Eno/Arr: Jon Øivind Ness: Warszawa.
- Aaron Copland: Billy the Kid, ballettsuite.
- Sergej Rakhmaninov: Klaverkonsert nr. 3.
Høyr ein smakebit her: