Hopp til innhold

Fekk auka straff etter ankesak

Ein kvinne og ein mann frå Sunnmøre er begge dømt til 1 år og ni månader fengsel for psykisk og fysisk mishandling, truslar og fridomskrenking mot ei no 20 år gamal kvinne. Mishandlinga skal ha skjedd frå jenta var ni til ho var 16 år. Jenta er dottera til kvinna som er dømt, og stedotter til mannen. Paret hadde anka dommen frå Sunnmøre tingrett, men fekk begge auka straff i lagmannsretten. Dei må også betale 180.000 kroner i erstatning til kvinna.