Hopp til innhold

Faren til Ole Gunnar Solskjær: – Tilbodet kom tidlegare enn han rekna med

KRISTIANSUND (NRK): Øivind Solskjær er overraska over at sonen er ny manager i Manchester United, men er heilt sikker på at det kjem til å gå bra.

Øivind Solskjær

OVERRASKA, MEN STOLT: NRK møtte Øivind Solskjær i Kristiansund tysdag føremiddag.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi er stolte over at Ole Gunnar er ny manager i Manchester United. Det har vore eit mål for han heile tida. Han har alltid sagt at han ønskjer å bli trenar i United, seier Øivind Solskjær.

NRK møter han heime i Kristiansund kort tid etter at den store nyheita kom onsdag morgon:

Eliteserien fotball, menn: Strømsgodset - Molde (1-2)

Ole Gunnar Solskjær blir ny manager i Manchester United. Han skal i utgangspunktet ha jobben fram til mai.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Ole Gunnar Solskjær blir lånt ut frå Molde og skal vere Manchester United-trenar ut denne sesongen.

Pappa Øivind seier at Ole Gunnar fekk draumejobben tidlegare enn venta.

– Ole Gunnar har aldri sagt når han ønskte å bli manager i Manchester United. Men dette kom nok litt tidleg på han. Då han fekk denne førespurnaden kunne han derimot ikkje seie nei, seier nordmøringen.

– Eg er overraska

Øivind Solskjær bekreftar at det gjekk fort i svingane då sonen tok over jobben etter José Mourinho, som fekk sparken i går. Øivind har det siste døgnet vore godt orientert om kva som var på gang.

– Avgjerda tok han med sin eigen familie. Vi fekk vite om førespurnaden, men vi måtte berre sjå an situasjonen, seier Øivind Solskjær.

null Molde / Sarpsborg 3-1

Ole Gunnar Solskjær har trena Molde fram til to seriegull og eitt cupgull.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

At det berre er to veker sidan sonen signerte ny kontrakt med Molde gjorde at nytilsetjinga kom ekstra overraskande på Øivind.

– Eg også synest dette kom tidleg. Ole Gunnar har jo nyleg signert ein ny treårskontrakt med Molde. Så eg også er overraska, men det er jo ei hyggjeleg overrasking, seier Øivind Solskjær.

Som no må legge om planane for julefeiringa.

– Det blir jo ei pussig jul. Det var jo meininga at heile familien skulle samlast heime hos oss. Både dottera vår med hennar familie, og Ole Gunnar med hans familie. No blir det nok litt annleis, seier Øivind Solskjær.

Sikker på suksess

Han klarer ikkje å legge skjul på at han er ein stolt mann i dag.

– Eg synest det er stort. At det skal bli så mykje oppstyr rundt ei tilsetjing i Manchester, det går over min kunnskap. Men klart, Manchester er ein av verdas største klubbar. Så ja, det er stort, seier Øivind.

Faren til den nye manageren i verdas største fotballklubb er ikkje i tvil om at vikaropphaldet til sonen kjem til å gå bra.

– Ole Gunnar er veldig målbevisst på sine oppgåver. Dette har han lyst til, så eg er sikker på han vil lykkast, seier Øivind Solskjær.

FOTBALL SOLSKJAER

Ole Gunnar Solskjær spelte sjølv for Manchester United mellom 1996 og 2007.

Foto: DAVE KENDALL / AP

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL