Inger Marie Sperre viser oss ein pall med fisk som skal bli til Fish & Chips i London. Ho er og dagleg leiar i sjømatbedrifta Brødrene Sperre AS på Ellingsøya som har England som ein viktig marknad.
Bedrifta eksporterer mellom 10 og 15 prosent av fisken sin til England, noko som er tilsvarande verdiar mellom 100 og 150 millionar kroner.
– Etter folkeavstemminga der britane bestemt seg for å gå ut av EU har det vore ei negativ utvikling i valutakursen for oss. Vi får mindre pengar for fisken vi sel til Storbritannia no, seier Sperre.
Viktig marknad for norsk sjømat
England er ein svært viktig marknad for norsk sjømat. I 2015 var Storbritannia den fjerde største kjøparen av norsk sjømat, med ein eksportverdi på rundt fem milliardar kroner. No står Noreg framfor viktige forhandlingar.
– Vi har ingen handelsavtale med England når britane går ut av EU, og vi må starte på nytt. Vi får nok til det, men det er ikkje tvil om at det vil bli krevjande forhandlingar, seier Sperre.
Då blir det viktig å skape nye og sterke band til britane, meiner ho.
– Når britane vel å forlate EU er det grunn til å tru at dei vil føre ein politikk som vil beskytte innanlandsk produksjon.
– Vi må få fram at vi gjennom år har jobba fram marknader for den fisken som også britane skal fiske. Vi meiner vi kan auke verdiskapinga også for dei britiske fiskarane om vi får foredle fisken i Norge, seier ho.
Berekraftig utvikling
Dei aller viktigaste forhandlingane vil truleg handle om forvaltning av fisken i Nordsjøbassenget. Det vil skje ei omfordeling av fisken i Nordsjøbassenget når brexit blir eit faktum, trur Sperre.
– Det aller viktigaste blir å vareta ei berekraftig forvaltning av ressursane i Nordsjøbassenget saman med britane, seier ho.
På årsmøtet til Fiskebåtredernes Forbund i Ålesund blir brexit og fordeling av bestandane eit viktig tema.
Administrerande direktør, Audun Maråk, seier at Norge på ingen måte er interessert i å betale for skilsmisseoppgjeret mellom Storbritannia og EU.
– Vi vil ikkje ha dårlegare, men betre rammevilkår for fiske i Nordsjøbassenget seier han.