På Sanitetshjemmet bur det 50 bebuarar som er pleietrengande. Dei tilsette føreslo difor at det kunne vere greit at det var røykfritt.
Ikkje lovleg
Kommunen fekk søknaden og kontakta Sosial- og helsedirektoratet for å finne ut om dei har lov til innføre røykfrie institusjonar. Svaret var nei og årsaka er at sjukeheimen må sjåast på som bebuarane sin heim og dei må få røyke anten på romet eller på røykerom. Løysinga no blir røykerom.
Rart
Styreleiar Reidun Starheim synest det er litt rart at dei ikkje får lov, men ho trur ikkje styret kjem til å klage på vedtaket.
- Det har vore fokusert så lenge på at det ikkje er bra å røyke, men det er jo heimen deira, så vi respekterar vedtaket fullt ut, seier ho.