Hopp til innhold

Faren gjorde yngstedottera gravid – eldstedottera er kritisk til politiet

Mannen sit fengsla for å ha gjort den eine dottera si gravid. Storesystera hevdar ho også blei misbrukt, men politiet har lagt bort saka.

Ålesund politistasjon

Saka har vore under etterforsking i lang tid ved Ålesund politistasjon.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein sunnmørsmann blei i fjor vinter dømd til fengsel i fire år då dottera fortalde at han hadde utnytta henne seksuelt i årevis.

Overgrepa slutta først då ho blei gravid, og fødde eit barn som han var både far og bestefar til.

Men mannen har fleire døtrer, og under rettssaka fortalde storesystera at også ho hadde blitt seksuelt utnytta av faren. Det førte til at politiet tok opp igjen etterforskinga mot mannen.

No har Statsadvokaten i Møre og Romsdal bestemt at saka blir lagt bort.

– Det er vanskeleg for meg å akseptere, seier eldstesystera, som no er i 30-åra.

Ho ønskjer ikkje å stå fram med namn, men NRK kjenner identiteten hennar.

Hevda overgrepa kunne vore avverja

Under rettssaka skulda storesystera politiet for å ikkje ha gripe inn, og hevda at overgrepa mot veslesystera aldri hadde skjedd dersom ho sjølv hadde blitt trudd. Allereie på 90-talet var mannen i politiet sitt søkelys, men saka blei lagt vekk.

– Eg har kjempa i 23 år for å få han dømt, og eg kjenner det er eit slag i ansiktet kvar gong eg får den lagt vekk, seier storesystera.

Ho seier ho opplever at ho ikkje har blitt høyrt og slit med å stole på folk rundt seg.

Under rettssaka uttalte den tidlegare bistandsadvokaten hennar, Ingelin Morken Gundersen, at saka har støva ned i ein skuff.

Ingelin Morken Gundersen

Bistandsadvokat Ingelin Morken Gundersen hevdar saka har støva ned i ein skuff.

Foto: AdvokatCompagniet DA

Ho meinte den burde vore tatt opp att før og vore ein del av rettssaka der yngstesystera var fornærma. Politiet avviste den gongen kritikken.

– Motstridande forklaringar

Dommen mot mannen i 60-åra førte til at politiet bestemte seg for å ta opp igjen saka som omhandla den eldre systera. I to år har etterforskinga gått føre seg. No har Statsadvokaten i Møre og Romsdal bestemt seg for å setje punktum.

– Det er ikkje mogleg å føre tilstrekkeleg bevis for å ta ut ein tiltale, dette gjeld påstandar om overgrep heilt tilbake på 90-talet, seier statsadvokat Inger Myklebust.

– Trur de på henne?

Påtalemakta kan ikkje ta stilling til kven ein trur på, ein må sjå på om forklaringane og dei andre bevis er tilstrekkelege til å domfelle nokon. Her er det to motstridane forklaringar og vi kan ikkje hevde at hennar versjon er rett, seier Myklebust.

Advokat Inger Myklebust.

Statsadvokat Inger Myklebust.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Prøvar å sjå framover

Storesystera har no etablert seg med familie på ein annan kant av landet. Ho prøvar å sjå framover, men er nedslått over at det ikkje blir noko ny rettssak mot faren.

– Eg blir ikkje ferdig med saka, eg føler den skal henge ved meg heile tida, eg får inga avslutning, seier ho.

Faren sin advokat, Andrea Wisløff, seier han er tilfreds med at saka mot den eldre dottera hans no blir lagt bort. Han nektar straffskuld og avviser at han har gjort det ho skuldar han for. Han sit for tida i fengsel for overgrepa mot den yngre dottera si.