Politiet tek opp at sak der far gjorde dotter gravid – advokat meiner det er altfor seint

Faren kan bli dømd til fem års fengsel for overgrep som enda med at dottera blei gravid. No risikerer han å bli tiltalt for å ha forgripe seg også mot ei eldre dotter.

Ålesund politistasjon

Politiet i Møre og Romsdal har tidlegare etterforska påstandane om at mannen i 60-åra har forgripe seg også mot den eldste dottera si. Saka blei lagt vekk, men blir no tatt opp igjen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Mannen som har vedgått at han er både far og bestefar til det same barnet, kan få fleire års fengselsstraff. Politiet meiner han forgreip seg mot dottera si i årevis, og at ho til slutt blei gravid.

Politiet i Møre og Romsdal stadfestar no at også ei eldre dotter er involvert i saka, og at faren allereie i 2007 var etterforska for vald og overgrep også mot henne. Saka blei lagt vekk, men blir no tatt opp igjen.

politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, Cathrin Remøy

Politiadvokat Cathrin Remøy i Møre og Romsdal seier rettssaka i Innlandet har ført til at dei tek opp igjen etterforskinga mot mannen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vi har fått opplyst at far har gjort systera gravid, så vi meiner det no er grunnlag for å sjå på den saka på nytt, seier politiadvokat Cathrin Remøy ved Møre og Romsdal politidistrikt.

– Men viser ikkje det at politiet burde etterforska betre?

– Det var vel gjort det ein meinte då var nødvendig, og sett i lys av det som har kome fram no, er det grunn til å sjå på det på nytt, seier ho.

Vitna om massive overgrep

Storesystera var sjølv vitne i rettssaka mot faren nyleg. Der fortalde ho korleis faren forgreip seg mot veslesystera, men også mot henne sjølv. Då ho fekk vite at veslesystera var gravid, skal ho straks ha skjønt kven som var faren.

– Dersom dei hadde trudd på meg hadde det ikkje skjedd, sa ho i retten sist veke.

Ho har sjølv bedt politiet i Møre og Romsdal om å ta opp att saka hennar, etter at faren blei tiltalt for overgrep mot veslesystera. Og no skjer det altså.

Kritisk til politiet sitt arbeid

Men advokaten til storesystera meiner det skjer alt for seint. Ho skuldar politiet for å la saka støve ned i ein skuff, og seier det har vore ei stor belastning for klienten hennar.

– Eg er ganske skaka over at dei ikkje har gjenopptatt den saka før, og det er ganske utruleg at dei ikkje har samla dei to sakene, seier advokat Ingelin Morken Gundersen til NRK.

Innlandet politidistrikt har heile vegen hatt dialog med politiet i Møre og Romsdal. Saka i Møre og Romsdal politidistrikt er lagt bort og er difor ikkje ein del av tiltalen, skriv politiadvokat Ellen Malmberg.

Aktor, politiadvokat Ellen Malmberg sammen med forsvarer Andrea Wisløff i rettssaken i Lillehammer.

Politiadvokat Ellen Malmberg t.v. og mannen sin forsvarar, Andrea Wisløff, under rettssaka i Lillehammer nyleg.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Ønskjer å sette punktum

Advokaten til storesystera seier ho har etablert seg med familie, og ønskjer å kome seg vidare. No ber ho om at politiet får fortgang i etterforskingsarbeidet som gjeld hennar eiga sak. Kvinna er no i 30-åra, og hevdar overgrepa også mot henne starta tidleg i barndommen.

– Ho veit ikkje kva ho skal gjere for å få ein ende på dette, og det er viktig for henne å kome seg vidare i livet, seier advokat Ingelin Morken Gundersen.

Faren er kjent med påstandane frå eldstedottera, men ønskjer ikkje å kommentere dei. Advokaten hans viser til at saka hennar tidlegare er lagt vekk av politiet, og at han ikkje er informert om at politiet har gjenopptatt etterforskinga.

Faren risikerer nesten fem års fengsel for overgrep mot veslesystera, og dom er venta om kort tid.