På ei veke laga dei profesjonelle musikarane ei konsertoppleving saman med lokale talent. Først ut var Ulsteinvik, og laurdag kunne folk over heile landet oppleve resultatet på NRK1. To av talenta var altså åtteåringen frå Ørsta og 21-åringen frå Flø.
- Les også:
For Masters fekk opplevinga ein ekstra dimensjon: Faren som han ikkje hadde sett på to år kom overraskande frå USA for å vere med på konserten.
– Det var jo heilt supert å sjå han att, og vanskeleg å skildre, seier Masters til NRK.
– Denne konserten var første gang han såg meg på scena, så det kunne ikkje ha passa betre.
Foto: Remi Horgar og Mari Mehus (NRK).
– Vil erobre verda
Opptaka vart gjort tidlegare i år, og då dei to talenta møttest igjen til premieren i helga, var dei altså ikkje seine om å skape spontan musikk i lag.
Sjølv om dei to improviserer som gamle kjente, har dei svært ulike framtidsplanar. Stave fekk prøve seg som dirigent for KORK, og det har gitt meirsmak.
– Eg har ikkje « pepling » på kva eg skal gjere vidare med musikken, seier Stave. – Men eg veit at eg skal halde fram med å spele piano og dirigere.
Masters på si side er klar for å satse på musikken – og ta over verda.
– No har eg eit par singlar og musikkvideoar på veg. Så får vi håpe det blir suksess, seier Masters.
Sjå heile programmet her: