Hopp til innhold

Fann steinalderfelt rett under vegen

Då arkeologane skulle sjekke grunnen for å legge vassleidning på Giske, fann dei ei fleire tusen år gammal gravrøys og eit steinalderfelt. Men den skjulte ikkje så mykje som dei håpte.

Arkeologisk utgraving på Giske

GRAVRØYS: Midt mellom husa, eit par meter under vegen på Giske utanfor Ålesund. Der låg eit steinalderfelt og ei gravrøys som ingen har sett før no.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det har vore mykje graving, måling og dokumentasjon. Konklusjonen er at grava var tom. Det var verken noko – eller nokon – i røysa.

Men for omtrent 3500 år sidan blei eit menneske gravlagd her.

– Det er snakk om mange tusen år, så det skal noko til at det blir bevart. Eg er litt skuffa, men ein må ta det som det er, seier utgravingsleiar Trond Eilev Linge.

Trond Eilev Linge

SKUFFA: Trond Eilev Linge har vore utgravingsleiar, og hadde eit håp om å finne meir enn det dei gjorde.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Overraskande

Arkeologane hadde ikkje venta å finne ei gravrøys to meter under vegen.

– Dette var overraskande. Det er ikkje slik ein forventar, seier Linge.

Under utgravinga kom det også fram eit rikt steinalderfelt, men det var gravrøysa som gjorde arkeologane mest nysgjerrige.

– Det hadde vore heilt utruleg om det låg dekorerte kister inni der, men vi veit av erfaring at nokre gongar er slike røyser tomme, seier Linge.

Kollegaen Leif Inge Åstveit som er arkeolog, er einig i at det var uventa.

Det er ikkje ofte vi er borti slike gravrøyser.

Leif Inge Åstveit, arkeolog

– Spesielt i bronsealderen gjorde dei mykje rart i samband med ritual når nokon døydde. Så det kan vere at dette berre er snakk om ei enkel markering, legg han til.

Leif Inge Åstveit

SPESIELT: Ifølge arkeolog Leif Inge Åstveit er det ikkje ofte dei finn slike gravrøyser.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ei øy full av historie

Øya Giske utanfor Ålesund er svært interessant i norsk historie. Det har vore mange funn frå eldre steinalder til vikingtid og mellomalderen.

Her var hovudsetet for den mektige Arnung-ætta, med slektsband til både Austråt og Bjarkøy.

– Det er rart å tenke på kva vi har gått på, seier Roar Giskegjerde og ler.

Giskegjerde hadde inga aning om at det var ei gravrøys like ved huset, men var spent på resultatet.

– Mest sannsynleg er det vel slektningane våre som ligg her.

Men det får ein nok ikkje svar på. I alle fall ikkje frå denne utgravinga. Det – eller den – som eventuelt har lagt der er nok borte for lengst.

Roar Giskegjerde

RART Å TENKE PÅ: Nabo Roar Giskegjerde kunne ikkje unngå å følge med på utgravinga. Den har trass alt gått føre seg like utanfor vindauget.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK