Hopp til innhold

Fann over 80 år gamal skatt: – Trur aldri eg kjem til å finne noko slikt igjen

I ei årrekke gjekk det rykte om ein forsvunnen skatt. Lenge kunne det verke som om det berre var eit rykte. Heilt fram til no.

Fann over 80 år gamal skatt unde roppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.

SKATT: I fleire pakkar opp under taket på huset på Sunnmøre blei det funne noko heilt spesielt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Under rivinga av kledninga på eit gamalt hus fann tømrar Erlend Peter Vestre Aasen først fleire fuglereir.

Fann skatt under oppussing av hus på Sunnmøre.

Erlend Peter Vestre Aasen blei overraska over kva han fann då han reiv av kledninga på huset i Vaksvika i Ålesund kommune.

Foto: Eirik Ringset

Men så oppdaga han at det var noko meir som skjulte seg i husveggen.

– Eg fann først ein pakke. Så held vi fram med å rive kassekledninga og fann pakke etter pakke, fortel han.

– Det var utruleg spennande. Det var den siste plassen eg hadde trudd å finne noko slikt, fortel kollega Eirik Ringset i firmaet LøvHammer.

Fann skatt i gamal hus på Vaksvika på Sunnmøre.

Godt gøymt bak kledninga på huset dukka det opp ein skjult skatt.

Foto: Eirik Ringset

Løyste mysterium

Dei sprang så inn for å vise huseigarane kva dei hadde funne.

– Eg blei heilt paff. Det blei ikkje noko meir måling av lister den dagen, seier huseigar Jakob Øvstedal og ler.

Fann over 80 år gamal skatt under oppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.

Jakob Øvstedal og tømrarane blei overraska over kva dei fann i pakkane.

Foto: Eirik Ringset

Saman med tømrarane pakka han ut blant anna ringar, bunadssølv, myntar og skeier. Desse var surra inn stoffbitar og avispapir frå 1941. Alt godt bevart. Det eldste var ei skei frå 1854 og ei frå 1900.

– Det var mykje adrenalin inne i bildet. Eg trur ingen av oss heilt skjønte kva vi hadde funne, fortel tømrar Vestre Aasen.

Jakob fekk raskt ein mistanke om kvar pakkane stamma frå.

– Eg sa at det måtte vere Øvresolli-skatten som hadde blitt funne. Det er fantastisk at den har blitt bevart så godt i alle desse åra.

Og med litt nærare undersøkingar viste det seg at eit over 80 år gamalt mysterium hadde blitt løyst.

Fann over 80 år gamal skatt unde roppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Fann over 80 år gamal skatt unde roppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Fann over 80 år gamal skatt unde roppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Fann over 80 år gamal skatt unde roppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Sølvskeier pakka i stoffbitar frå 1941.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Fann over 80 år gamal skatt under oppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.
Foto: Eirik Ringset
Fann over 80 år gamal skatt under oppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.
Foto: Eirik Ringset
Fann over 80 år gamal skatt under oppussing av hus på Vaksvika i Ålesund kommune.
Foto: Eirik Ringset

Rykte om ein skatt

Faren til søstrene Lovise Sollid Jacobsen og Astrid Øvstedal kjøpte huset på Øvresolli i Vaksvika i 1961.

Bilde av Knut Solli.

Truleg er det Knut Solli som har gøymd unna skatten ein gong i 1941.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Verdisakene skal ha blitt gøymd under krigen av den tidlegare eigaren av huset, Knut Sollid. Det gjorde han sikkert for at tyskarane ikkje skulle få tak i det, fortel Astrid.

Avisene som skatten var pakka inn i stammar frå mars og mai 1941. I juni same året døydde Knut av blindtarmbetennelse.

– Han skjulte det nok i største hemmelegheit. Eg tviler på at søstera som budde der saman med han visste det. Elles trur eg nok at nokon hadde leita den fram tidlegare, fortel Lovise.

Etter krigen gjekk det rykte om at verdisakene hadde blitt grave ned. Men så dukka den altså opp ein heilt anna plass.

– Vi har høyrt at det har vore folk på markane og leita. På nabogarden var dei veldig interesserte og oppveksande slekt var mykje her oppe å leita. Vi trudde jo at om det var gøymd, så måtte det vere nedgrave i skogen eller i ura, men så var det i huset heile tida, seier Astrid.

Lovise Sollid Jacobsen, Astrid Øvstedal og Jakob Øvstedal

Lovise Sollid Jacobsen, Astrid Øvstedal og Jakob Øvstedal er imponert over at skatten har blitt bevart så godt.

Foto: Øvind Sandnes / NRK

Gøymde unna ting

Historikar Ivar Gunnar Braaten seier det var vanleg å gøyme unna ting under krigen. I alle fall for dei som kunne det.

Fann skatt etter over 80 år.

Avisene som sølvtøyet var pakka inn i kan seie noko om når dei blei gøymd.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dei som produserte mat brukte for eksempel å gøyme unna korn eller poteter. Det var også vanleg å gøyme unna metall fordi tyskarane trengde det i rustningsindustrien, fortel han.

I tillegg var det vanleg å gøyme unna ting som hadde symbolsk verdi og som var viktige for bygdesamfunna.

– Den gamle kyrkjeklokka som høyrde til Haram kyrkje på Sunnmøre blei gøymd under eit bedehusgolv nesten heile krigen. Det for at tyskarane ikkje skulle få tak i det og smelte det om, fortel Braaten.

Skal fortelje historia vidare

På kjøkkenbordet i huset i Vaksvika ligg no skatten plassert utover. Lovise Sollid Jacobsen plukkar opp ei av skeiene og viser den fram.

Lovise Sollid Jacobsen og Astrid Øvstedal

Søstrene Lovise Sollid Jacobsen og Astrid Øvstedal har planar for korleis dei skal ta vare på skatten.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er eit flott handarbeid. Eg får nesten ærefrykt av å halde tinga, seier ho.

Funnet har gjort sterkt inntrykk på dei to søstrene.

– Det er heilt fantastisk. Historia er nesten vanskeleg å fatte, seier Lovise.

– Det er som ei vandrehistorie som har blitt avslutta, seier Astrid.

Og dei har klare planar for kva dei skal gjere med skatten.

– Vi må bevare den. Enten her i huset eller knytt til det. Slik at folk kan få vite korleis den har dukka opp og historia bak. Barnebarna mine synest det er veldig stas at vi har funne ein ekte skatt, seier Lovise og smiler.

Også for tømrarane som fann skatten blir det ein arbeidsdag dei ikkje gløymer med det første.

– Av og til finn vi myntar med årstal som har blitt lagt i husa under bygging, men eg har aldri funne noko slikt. Og eg trur aldri eg kjem til å finne noko slikt igjen, fortel tømrar Erlend Peter Vestre Aasen.

Tømrar Erlend Peter Vestre Aasen saman med Lovise Sollid Jacobsen og Astrid Øvstedal

Tømrar Erlend Peter Vestre Aasen saman med huseigarane Lovise Sollid Jacobsen og Astrid Øvstedal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

LES OGSÅ:

Les også Spesielt funn på havbunnen utenfor Kristiansund

Nils Aukan fotograferer funnet

Les også Ny serie har slått an: – Det irriterer meg at eg ikkje veit kven som står bak

To av karakterane i teikneserien Planet Ørsta.