Hopp til innhold

Fann fosfat hos Jangaard

Mattilsynet fann fosfathaldig stoff på ein av Jangaard Export sine fabrikker.

Video Mattilsynet om bleking av fisk

Kjell Jensen ved Mattilsynet i Kristiansund fann ulovleg tilsetjingsstoff på Jangaard Export sin fabrikk på Averøy.

Mattilsynet fann 30 sekker med eit stoff som heiter TQI Anpex 200 ved Jangaard Export AS Nordmøre fiskeindustri sin fabrikk i Averøy den 13. oktober.

Mattilsynet fann fosfat hjå Jangaard

Denne pallen med 30 sekker vart funnen ved Jangaard Export sin fabrikk i Averøy tidlegare for omlag to veker sidan.

Foto: Mattilsynet

– Stoffet inneheld fosfat, som er ulovleg å bruke i klippfisk og saltfisk industrien, seier Kjell Jensen, seniorinspektør i Mattilsynet i Kristiansund til NRK.

Fosfat auker vekta

Stoffet fosfat fins naturleg i fisk og kjøt og er ikkje rekna for å vere farleg i små mengder. Det er strenge reglar for bruk av fosfat fordi dersom fosfat vert tilsett fisken, vil det auke vekta og på den måten "lure" kunden.

I tillegg vert fisken bleika, slik at gamal og dårleg fisk kan sjå heilt fersk ut.

– Ikkje til ulovleg bruk

Bruk av fosfat for å auke vekta er forbode, og leiinga i Jangaard export avviser at stoffet som no er funne på fabrikken skulle brukast til det formålet.


– Vi tilsett ikkje fosfat i fisken slik islendingane gjer. Vi har det på fabrikken fordi vi brukar det i produksjon av farse, og det er lov, seier Gunnar Haagensen, styreformann i Jangaard Export.

Gunnar Haagensen i Jangaard Export AS

Styreformann Gunnar Haagensen i Jangaard Export seier stoffet skulle nyttast til lovlege formål.

Foto: NRK

Nytt prosjekt

Jangaard Export er ein av de største fiskebedriftene i Norge og har hovudkontor i Ålesund. Denne veka har dei vore i søkelyset fordi leiinga har bedt myndigheitene om å tillate bruk av fosfat i fisk.

Vil bruke kjemikalier for å øke fiskevekt

Haagensen seier dei jobbar med eit prosjekt for å utvikle eit ferskfisk-produkt der det er lovleg å tilsette det stoffet som Mattilsynet fann, og at det var derfor stoffet var på fabrikken.

Ikkje varsla

TQI Anpex 200

Stoffet TQI Anpex 200 inneheld fosfat og er ulovlig å bruke i klippfisk- og saltfiskindustrien ifølge Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

– Det er likevel ikkje lov å setje i gong med eit slikt prosjekt utan å varsle Mattilsynet. Vi har kravd å få ei detaljert skildring av det omtala prosjektet, svarar Jensen.

Mattilsynet fatta eit hastevedtak som forbyr oppbevaring og bruk av fosfat ved fabrikken.

Les også:

– Har tilsatt vann og fosfat i 15 år

– Vil ikke spise fisken selv

Pumper opp fisken med avskjær


Kan bli etterforska


Fokuset på bruk av fosfat i saltfisk har fått kontrollorganet for EØS-avtala til å reagere.


– Vi vil følgje med og sjå korleis saka utviklar seg. Svaret vi får frå norske myndigheiter i neste veke vil avgjere om vi vil forfølgje saka vidare, seier Olafur Valsson, leiar for matsikkerheit i ESA.