Familiesplitting blir landsmøtesak

Splittinga av familien Grødahl i Kristiansund blir sak for Arbeidarpartiet sitt landsmøte i helga.

Video Familiesplitting blir landsmøtesak

BLIR DISKUSJONSSAK: Splittinga av familien Grødahl blir diskusjonstema på Ap-landsmøtet i helga.

Saka har skapt reaksjonar . Bak står ei avgjerd frå Utlendingsnemda (UNE) om at Jasmin og mora Donna må reise til Filippinene fordi far og ektemann Øystein ikkje tente nok i åra før dei gifta seg.

Ordførar Per Kristian Øyen (Ap) i Kristiansund har engasjert seg i saka , men Justisdepartementet har forklart at dei ikkje kan hjelpe . I slutten av mars kom det endelege avslaget frå UNE .

  • Sjå fjernsynsinnslag om saka øvst i artikkelen.

- Skal vere streng og rettferdig

- Me skal ha ein streng og rettferdig innvandringspolitikk, men ikkje ein streng og urettferdig politikk, som mange oppfattar dette som, seier Tove-Lise Torve.

Ho representerer Ap på Mørebenken, og vil no ta med seg saka til landsmøtet. Der vil ho be om ein gjennomgang av regelverket. For den effekten reglane har fått for familien Grødahl er problematisk, meiner ho.

- Dette er ikkje ei eineståande sak i Noreg. Det viser seg at kravet gjer at familiar blir splitta. Dette må me sjå nærare på, spesielt når det er born inne i bildet, seier ho.

Mykje sjuk i 2008 og 2009

Øystein Grødahl var mykje sjuk i 2008 og 2009. Sukkersjuke gjorde at han tente mindre enn grensa som er sett for familiegjenforeining. At han no arbeider for andre og tener for mykje speler ikkje noka rolle.

- Kravet skal vere så strengt, men ein må sjå heilheita i situasjonen hos den enkelte familien, seier Torve.

- Spesielt når det er born inne i bildet må ein sjå meir heilheita i inntektsgrunnlaget, meiner ho.

Men toget er gått for denne familien, seier Torve. Dermed må Donna og dottera Jasmin reise til Filippinene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Sjå den oppheita debatten om straumprisar