Hopp til innhold

Faks-tabbe førte til unødvendig operasjon

Ein faks som aldri kom fram førte til at ein sunnmørsmann heilt unødvendig blei operert og seinare fekk store plager. Helsetilsynet granskar no saka.

Cato Innerdal

Assisterande fylkeslege Cato Innerdal meiner operasjonen var heilt unødvendig, og har fått betydelege konsekvensar for pasienten.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Ein sunnmørsmann meiner han er påført omfattande og varig helseskade som følgje av ein heilt unødvendig operasjon på Rikshospitalet for tre år sidan.

I februar 2012 blei den kreftsjuke mannen undersøkt ved St. Olavs Hospital mellom anna på grunn av vekttap og mykje nattesveitte. Då var det allereie avtalt innlegging ved Rikshospitalet, og også ein operasjon.

Les også:

Informasjonen nådde ikkje fram

Men etter å ha vurdert saka konkluderer overlegen på St. Olavs Hospital med at det ikkje lenger er behov for nokon operasjon, men at mannen i staden kan få anna behandling.

Denne informasjonen når aldri fram, og dermed blir operasjonen likevel gjort.

- Betydelege konsekvensar

Fylkeslegen slår også fast at det aktuelle inngrepet har hatt betydelege konsekvensar for pasienten. Dermed blir no både Helse Møre og Romsdal HF, St. Olavs Hopsital HF og Oslo universitetssjukehus ved Rikshospitalet granska for lovbrot.