Fabrikken i svart

Hydro Aluminium Sunndal har gått i svart som følge av brann i ein av to hovudtrafoar ved bedrifta. Operasjonsleiar John Bratland ved politiet veit førebels ikkje kor store brannstyrkar som har rykt ut, men reknar med at også industrivernet deltar i arbeidet.