Hopp til innhold
Hydro Karmøy
Foto: Hydro

Hydro Aluminium

  • Finansministeren opna ny fabrikk

    Over 300 tilsette mista jobben då felgfabrikken Fundo Wheels melde oppbod for 15 år sidan. For fem år sidan takka også franske St Jean Wheels for seg i Høyanger.

    I lokala der det før vart produsert bildelar i aluminium, opna i dag Hydro anlegget som skal vinne att aluminium.

    Aluminiumsgiganten har investert 240 millionar kroner i anlegget som skal huse kring 20 arbeidarar.

    Finansminister, og Sp-leiar, Trygve Slagsvold Vedum stod for opninga.

    – Ein ting er arbeidsplassane. Det tryggar også framtida til verket, gjer det lettare for vidaregåande skule, skaper aktivitetar rundt og kanskje familiar flytter hit. I sum er det mange ting som gir utvikling og optimisme, sa Vedum.

    Finansminister, og Sp-leiar, Trygve Slagsvold Vedum opna nytt resirkuleringsanlegg i Høyanger.
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Testar plasmateknologi

    Hydro Aluminium Sunndal skal teste ut plasmateknologi ved støypinga av aluminium. Dette kan gje vesentleg lågare utslepp.

    Teknologien kan erstatte fossile ernergibærarar og er basert på at ein elektrisk driven plasmabrennar skal skape ein lysboge som pressar varme inn i støypeomnane.

    Hydro får 39,6 millionar kroner i Enova-støtte til prosjektet.

    Hydro Sunndalsøra
    Foto: Marius André Jenssen Stenberg
  • Overskot ved Hydro Sunndal

    Hydro Sunndal går med eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 729 millionar kroner tredje kvartal i år.

    – Stabil drift med god utnytting av kapasiteten og svak kronekurs medverkar til eit godt resultat for fabrikken. Etterspurnaden etter aluminium aukar, seier fabrikksjef Roar Ørsund.

    Hydro Sunndal er det største og mest moderne verket for produksjon av primæraluminium i Europa. Til no i år har fabrikken levert i overkant av 150.000 tonn aluminium, skriv Norsk Hydro i ei pressemelding.

    Hydro Sunndalsøra
    Foto: Marius André Jenssen Stenberg
  • Hydro stenger deler av produksjonen

    Hydro Husnes og Hydro Karmøy stenger deler av aluminiumsproduksjonen. Årsaken er redusert etterspørsel etter aluminium i Europa. – Den ekstraordinære situasjonen i europeisk økonomi og energimarked gir en usikker markedssituasjon og en svakere etterspørsel etter aluminiumsproduktene våre. Selv om 50 prosent av Europas produksjonskapasitet for primæraluminium har blitt midlertidig eller permanent stengt i løpet av det siste året, fører nå fallet i etterspørsel til en oppbygging av lager som gjøre det nødvendig med ytterligere tiltak, sier Eivind Kallevik, konserndirektør og leder for Hydro Aluminium Metal i en pressemelding.