Hopp til innhold

Folk i Volda ville ikkje teste IQen

Studenten Audun Asphjell vil danne Mensaforeining på Søre Sunnmøre. Men interessa var så lita at testinga er utsett til neste veke.

Audun Asphjell

Audun Asphjell gir ikkje opp håpet om å danne ei Mensaforeining på Søre Sunnmøre. Neste helg kan folk teste intelligensen i Ørsta.

Foto: Katrine Asheim

Masterstudenten Asphjell studerer journalistikk ved Høgskulen i Volda og har stått i spissen for å danne ei Mensaforeining på Søre Sunnmøre. Alle som vil vere med i foreininga må score over 131 på ein intelligenstest. Berre to prosent av befolkninga er smarte nok. Grunnen til at Voldastudenten no vil skipe ei eiga foreininga er den sosiale biten.

– Tanken er at vi skal møte til pubkveldar, føredrag, spelekveldar og ekskursjonar. Folk skal finne andre dei trivast å vere saman med, seier Asphjell.

Berre fire er medlem

På Søre Sunnmøre er det berre fire medlemmar, to i Volda og to i Ulstein. Dette er for lite for å danne ei foreining og Asphjell inviterte difor til IQ-testing på studentsamskipnaden i Volda laurdag. På torsdag var det framleis ingen som hadde meldt seg på og Asphjell vedtok difor å utsette testinga til neste laurdag. Då skal det gå føre seg på Møre Folkehøgskule.

– Eg fekk tre interesserte frå Volda heilt på tampen, men dei skal få sjansen neste helg, seier Asphjell.

Nytt for folk

Han er ikkje skuffa over den låge interessa. Studenten trur dette er nytt for folk og at det kan ta litt tid. Asphjell har sjølv vore medlem i Mensa i to år. I halvanna år har han hatt jobben som aktivitetsansvarleg for Mensaforeininga i Trondheim. Der får folk teste seg jamleg for å sjå om dei stettar krava.

– Du får tre forsøk i heile livet, seier Asphjell. Han gir ikkje opp håpet om å finne fleire glupingar i området.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL