Få vil starte haste-asylmottak

Berre to nye søknader om å drifte asylmottak i Møre og Romsdal kom inn i samband med at Utlendingsdirektoratet i all hast ba om tilbod.

Asylmottaket i Åslia i Vestnes.

Her på Åslia i Vestnes har det vore asylmottak sidan 2010, og no vil Link forlengje avtalen.

Foto: Vestnes kommune

Fristen var kort og krava strenge frå Utlendingsdirektoratet UDI, som i september ba om hastetilbod over heile landet på inntil 60 nye mottak med til saman 7500 nye mottaksplassar. Samla er det kome inn tilbod om 5400 plassar rundt om i Noreg. Straumen av flyktninger gjer at UDI raskt fleire treng nye mottaksplassar.

Vestnes og Kristiansund

Men i Møre og Romsdal har altså berre to søknader kome inn. Selskapet Link søkjer om å halde fram asylmottaket i Vestnes når avtalen går ut kring nyttår. Asylmottaket i Åslia kom i drift i 2010 og har no har til samen 170 plassar som Link ynskjer å drifte vidare.

Hero Norge tilbyr å starte desentralisert mottak av asylantar i Kristiansund i husvære rundt om i byen. Her vil dei kunne ta i mot 150 asylsøkjarar og det kan utvidast med ytterelegare 30 plassar.Også i 2013 var det aktuelt med å starte tilsvarande asylmottak i Kristiansund, men den gong avlyste UDI planane forrdi behovet gjekk ned.

Etterlyser fleire som kan huse flyktningar

Regiondirektør UDI Rune Vordahl

Regiondirektør i UDI, Rune Vordahl, ber fleire som kan romme mottaksplassar om å ta kontakt.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

No skal UDI forhandle med tilbydarane om vidareføring av mottaket i Vestnes og eit nytt desentralisert i Kristiansund. .

Regiondirektør Rune Vordahl i UDI seier dei hadde ønska fleire søknader frå regionen og seier at det er akutt behov for fleire mottaksplassar. Det blir jobba på alle frontar, men ingenting er så langt avgjort. Vordahl oppmoder derfor dei som har større bustadmasse eller aktuelle bygg for mottak om å ta kontakt med regionkontoret og tilby dette snarast.