Hopp til innhold

Evakuerer i Sunndal

Kriseleiinga i Sunndal kommune bestemte måndag kveld at minst eitt bustadhus skal evakuerast på grunn av rasfare.

Sunndal skred Fonna-fonna

Fleire ras har gått i Sunndal det siste døgnet.

Foto: Sissel Almberg

I natt og i heile dag har det gått fleire ras i området. Skred og skredfare gjer at det måndag kveld er 19 stengde vegar i Møre og Romsdal.

Les også:

Evakuerer bustadhus

Kriseleiinga i kommunen hadde måndag kveld eit møte der dei kom fram til at dei skal evakuere eit bustadhus som står særleg utsett til.

Rasfaren i området blir vurdert til å vere kategori fire, noko som er det nest høgaste nivået. Det vil seie at rasfaren er svært stor.

Per Ove Dahl

Per Ove Dahl er rådmann i Sunndal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Etter ein gjennomgang saman med skredekspertar frå NVE og NGI har vi kome fram til at vi evakuerer ein einebustad som ligg utsett til.

– I tillegg har vi bestemt at bebuarane i ei blokk som ligg nær ein rasvoll skal opphalde seg på den sida som er mest skjerma. Dette gjer vi fordi vinden frå eit eventuelt ras kan vere svært sterk, seier rådmann Per Ove Dahl.

Fire stengde skular

I dag har 1300 elevar vore heime frå skulen på grunn av stengde og rasutsette vegar.

Les også:

Tysdag kjem det til å vere fire stengde skular i Sunndal. Det er Sande skole, Furu skole, Sunndal ungdomsskole og Sunndal vidaregåande skole.

– Dette gjer at cirka 1000 elevar må vere heime frå skulen, seier rådmann Per Ove Dahl.

Fire skular kjem til å vere opne og to skular kjem til å tilsyn i skulefritidsordninga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL