Hopp til innhold

Skular stengde også tysdag

Fleire skular i Sunndal blir truleg stengde også tysdag.

Sunndal skred Fonna-fonna

Måndag gjekk det fleire skred i Sunndal. Skredfaren gjer at det truleg blir stengde skular i kommunen også tysdag.

Foto: Sissel Almberg

I ettermiddag hadde kriseleinga i kommunen møte saman med Vegvesenet og NVE der det vart gjort ei lokal vurdering.

– Ein del skular vert truleg stengde også i morgon. Vi veit ikkje kva for skular det blir endå, men vi skal ha klar ei endeleg vurdering i morgon klokka sju, seier ordførar Ståle Refsti.

Informasjon om kva for skular som blir stengde kjem på kommunen sine heimesider og i lokalpressa.

Sunndal kommune bestemte i dag tidleg å stenge alle skulane på grunn av skred og skredfare, noko som gjorde at 1300 elevar var heime.

Les også:

Stengde idrettshall

Skred og skredfaren gjorde at kommunen fekk store utfordringar.

– I heimetenesta måtte vi gjere store endringar alt etter kvar personalet var. Vi har også stengd kulturskular, idrettsanlegg og symjehall på grunn av rasfare på dei aktuelle stadene, seier Refsti.