Hopp til innhold

Etterlyser informasjon

Bydelsleiaren har ikkje høyrt noko om bustader for asylsøkarar i Moa-området.

Moa med kjøpesentera, Ålesund

Bydelsleiaren er uroa for kvar i Moa-området bustader for 30 asylskøkarar skal ligge.

Foto: Harald M. Valderhaug / Harald M. Valderhaug

- Eg har ikkje fått visst nokon ting, seier Jan Isaksen, leiar i bydelsutvalet for Spjelkavik, Lerstad og Åse.

Veit ingen ting

- Eg synest at bydelsutvalget burde ha fått litt orientering, seier han oppgidd til NRK.

Omlag 30 asylsøkarar som kjem til Ålesund skal busetjast i Moa-området.

- Dei skal vere hjartleg velkomne, men ein må sørge for at dei ikkje ender opp i eit forretningssentrum som dei kanskje aldri har vore i før, seier Isaksen som er uroa for at asylsøkarane ikkje skal få eit godt nok tilbod.

- Vi aner jo ikkje kvar dei skal bu. Kaller dei [kommunen] Moa heile distriktet her inne?

Bydelsutvalet har møte 28. august og då håper Isaksen at kommunen vil møte opp og orientere om planane om bustader for asylsøkarane i området.