Hopp til innhold

Etterforskar valdtektssak på Nordmøre

Politiet stadfestar at dei etterforskar ei sak etter melding om valdtekt. Tidlegare avviste politiet at det eksisterte noka slik sak, sjølv om det gjekk ein flaum av rykte om saka på sosiale medium.

Ove Brudevoll, påtaleleder i Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Ove Brudevoll, politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Roar Halten / NRK

Både NRK og fleire andre medieinstitusjonar forsøkte både i helga og måndag formiddag å få stadfesta om hendinga var meldt til politiet. NRK valde då å avvente situasjonen til politiet eventuelt kom med ei slik stadfesting.

Like etter klokka 17.00 stadfesta politiet overfor avisa Tidens Krav at dei hadde starta valdtekts-etterforsking.

Ein time seinare blei dette også stadfesta overfor NRK.

– Det er riktig at vi etterforskar ei slik sak, seier politiinspektør Ove Brudevoll til NRK.

Brudevoll fortel at ei kvinne kom til valdtektsmottaket i Molde laurdag morgon. Der fortalde ho at ho hadde blitt valdteken i løpet av natta.

– I samband med dette er det sett i gang etterforsking, seier Brudevoll.

Kvinna skal vere midt i 20-åra. Valdtekta skal ha skjedd på Nordmøre.

– No skal vi ta vitneavhøyr og vi skal kartleggje telefontrafikk. Ut over dette avventar vi resultatet av andre undersøkingar som er gjorde.

Brudevoll legg til at saka førebels er i ein tidleg fase og at det dermed er vanskeleg å gå ut med meir informasjon no.