Hopp til innhold

Erna møter næringslivet på Sunnmøre

Statsminister Erna Solberg kom onsdag til Sunnmøre for å møte leiarar i den maritime næringa, og for å få ein rapport om situasjonen.

Erna Solberg i Ålesund

Statsminister Erna Solberg er på Sunnmøre onsdag for å møte den maritime næringa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bevisa på den tøffe situasjonen i den maritime næringa er godt synlege for statsminister Erna Solberg, som starta besøket sitt i Ålesund i dag. Fleire skip ligg i opplag i sentrum av byen. Heile veka besøker statsministeren dei delane av landet som er hardast råka av arbeidsløyse.

– Det er tøft for dei som mister jobben. Det er vondt å møte dei fordi det å miste jobben og ikkje vere sikker på framtida, har så store ringverknader for familien og trua på om du kan betale rekningane, sa Solberg før møtet med leiarane.

Rette seg mot andre aktivitetar

Ho traff samstundes mange utan jobb med stort pågangsmot. Dei har ofte høg kompetanse, som kan vere ettertrakta.

– Vi må få mange av bedriftene til å rette seg mot anna næringsliv og annan type aktivitet, slik at dei kan etterspør arbeidskraft, sa statsministeren.

Måndag var ho på Jæren og trefte bedrifter som har omstilt seg frå olje og gass til blant anna flyindustrien, fiske og oppdrett.

Omstilling i Hareid

På Norsk Maritimt Kompetansesenter, NMK, traff Solberg næringslivsleiarar frå verftsindutrien og reiarlag, som fortalde om ståda.

Seinare gjekk turen til Hareid Group. Tema der var omstilling og satsing på grøn teknologi.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL