Eresfjord barne- og ungdomsskole fekk 5 av 12 poeng.
Charlotte Finset, Ida Eide Lervold og Henrik Bergset utgjorde det siste laget i innleiande runde i Klassequizen. Her var det berre toppscore som kunne føre dei til fylkesfinale, det vil seie minst 11 poeng av 12 moglege.
Henrik meinte på førehand at han i grunnen var nokså roleg, medan Charlotte og Ida måtte vedgå at dei hadde litt nervar. Her måtte eresfjordingane berre klinke til frå starten.
Slik gjekk det:
HÅKON
1) Hvor mange år ble kronprins Haakon Magnus i 2013? (40)
2) Når var Håkon Håkonsson konge i Norge? 900-tallet – 1200-tallet – 1500-tallet (1200-tallet)
3) Hvilket fotballag har Håkon Opdal som keeper? (Start)
4) Hva heter Sjøforsvarets største marinebase? Haakonshald – Haakonsborg – Haakonsvern (Haakonsvern)
2 av 4 poeng.
Fotball var heimebane for laget frå Eresfjord. Haakon Magnus sitt jubileum i fjor kjende dei også til, men Håkon Håkonsson si regjeringstid og marinebasen Haakonsvern var det verre med.
LØRDAG
1) Hvor mange lørdager er det i mars måned hvis 1.mars er en torsdag? (5)
2) Hva koster 250 gram lørdagsgodt hvis en hekto koster 12 kroner? (30 kroner)
3) Hva heter lørdag på tysk? (Samstag)
4) Hvilke av disse tallene i en lottotrekning er primtall? 9 – 11 – 13 (11 – 13)
1 av 4 poeng.
Her hadde kanskje skuffelsen over å ha mist finalesjansen byrja å sige inn. I alle fall var det berre tysken som blei rett i denne kategorien.
DANMARK
1) Hvilke to bokstaver ender danske nettadresser med? (dk)
2) I hvilken dansk by foregår handlingen i TV-serien «Broen»? (København)
3) Hvilken sport driver Caroline Wozniacki med? (Tennis)
4) Hvem skrev eventyret om den stygge andungen? (H.C. Andersen / Andersen)
2 av 4 poeng og dermed 5 av 12 poeng totalt.
Eresfjordingane var sikre på nett og eventyr. TV-serien «Broen» og tennisspelarar, derimot, bomma dei på.
– Det blei ikkje heilt som forventa, men det får gå, sa ein skuffa Henrik Bergset etter at resultatet var klart.
– Det var veldig vanskeleg, vedgjekk Charlotte Finset.
Men laget frå Eresfjord barne- og ungdomsskule heng ikkje med hovudet for det.
– Me gjorde så godt me kunne, og det er alt folk kan forvente, meinte Ida Eide Lervold.
Finalelaga er klare
Dermed er det også klart at det blir Åfarnes skule i Rauma og Halsa barne- og ungdomsskole i Halsa som skal kjempe i fylkesfinalen av Klassequizen. Dei er dei einaste to laga som nådde 11 av 12 poeng i den innleiande runden.