Hopp til innhold

Vil vinne på geografi og samfunnsfag

Klassequizvinnarane frå Halsa er no klare for å kjempe mot resten av landet. Dei håper på spørsmål om geografi og samfunnsfag.

Halsa

Arne Bojer Pedersen, Åsmund Godal Tunheim og Even Hendseth frå Halsa er i Oslo er skal kjempe mot resten av landet i klassequizen.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Det var ingen tvil om kven som var best under fylkesfinalen i Klassequizen i Møre og Romsdal, då Halsa møtte Åfarnes til duell. Halsa briljerte med kunnskapen sin og tok 14 poeng mot Åfarnes sine seks. Til saman 400 skular i heile landet har delteke i konkurransen.

Spente gutar

No er trekløveret Arne Bojer Pedersen, Åsmund Godal Tunheim og Even Hendseth i Oslo for å delta i landsfinalen der 19 lag skal kjempe om siger. I dag har det vore innleiande runder i finalen og deretter er det superfinale for dei som går vidare. Denne vert sendt i beste sendtetid laurdag på NRK 1 klokka 19.55-21.00.

Det er ikkje fritt for at Halsalaget er spente etter at dei har sett konkurrentane sine.

Best på geografi

– Vi er best på geografi og samfunnsfag, konkluderer Arne, Åsmund og Even med. Dei har brukt dei siste vekene til å quize mykje på skulen. Målet er å slå Sør-Trøndelag som vann i fjor.

Det er nesten berre gutar som er med, men trekløveret er ikkje synleg skuffa av den grunn. Det viktigaste er ikkje å sjå på jenter, men å svare rett på flest mogleg spørsmål.

– Vi får vente og sjå om det vert siger. Vi håper på det beste, seier Halsagutane.

Kunnskapskonkurranse for 10.klassinger og de kan mer enn du tror.