Hopp til innhold

Fortviler over nye våpenreglar – kan øydeleggje for rekrutteringa

Eit samla skyttar-Noreg fryktar for rekrutteringa etter innføring av ny våpenlov. No må rekruttane inn i politiet sine rekordlange behandlingskøar for å få låne med seg utstyr heim.

Skyting

Skiskyttarane i Tingvoll IL trener mange timar i håp om å bli gode. Då held det ikkje å berre trene ein gong i veka, meiner trenaren.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I Tingvoll er skiskyttarane i full gang med å trene for å bli best. Dei yngste er ikkje eldre enn tidleg barneskulealder. Klubben har blant anna fostra opp Synnøve Solemdal, som har fleire verdsmeisterskapsgull i stafett.

– Du har masse skot her. Kanskje du skal stille eitt ned og eitt til høgre, seier Rune Stølen, skiskyttartrenar i Tingvoll IL.

Skota har samla seg i ein klynge litt «nordvest» for midten av blinken.

Skyttarlagsleiar

Hovudtrenar for skiskyting i Tingvoll IL, Rune Stølen, terpar ungane i liggande skyting.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Skiskyting er ein av dei norske folkesportane Noreg dominerer mest i, og i det siste har vi også fått landslag i ordinær skyting heilt i verdstoppen. Det ligg det mange tusen timar trening bak, og ein plass må ein starte.

I skyttarsporten er det heilt vanleg at det nettopp er klubbane som stiller med våpen til rekruttane, og det er dette som no kan bli vanskelegare.

Treng å ha med våpenet heim

Noreg fekk ny våpenlov frå 1. juni i år. Personar som ikkje har våpenkort for våpenet dei skal bruke må no søke politiet om løyve dersom dei skal låne eit.

– Ein må nok ha med børsa heim og tørrtrene. Det held ikkje med ein gong i veka, seier Stølen.

Om ein skal låne no er behandlingstida for å søke våpenkort i snitt for landet ti veker. Enkelte distrikt har så mykje som 8 månader ventetid, og det har fått fleire til å reagere.

– Det er veldig trasig i og med at vi har hatt to vanskelege år med korona og no får dette her. Det er kjempedumt, seier Stølen.

Politidirektoratet er ikkje kjent med at køane har vore så lange før. Årsakene er både innføring av nytt regelverk, arbeid med våpen i dødsbu og stor pågang, ifølge fagansvarleg i juridisk forvaltningsseksjon, Wemunn Aabø.

Frustrasjon blant jegerar

Det blir utdanna 12-13.000 jegerar kvart år. Mange hadde gledd seg til haustjakta som no er godt i gang, men må vente på sin tur søknadskøen.

– Det er ei kjempeutfordring no for nye jegerar utan eigne våpen. Vi høyrer kvar einaste dag frå folk som er fortvilte og frustrerte mens dei ventar på svar på søknader, seier Vidar Nilsen i Norges jeger- og fiskerforbund.

Vidar Nilsen i Norges jeger- og fiskeforbund

Vidar Nilsen er jaktkonsulent i Norges jeger- og fiskeforbund.

Foto: Norges jeger- og fiskeforbund

No har skiskyttarforbundet gått saman med skyttarforbundet, jeger- og fiskarforbundet og Det frivillige skyttervesen for å få ei utsetjing til våren. Slik meiner dei politiet kan få meir tid til å behandle søknader, mens forbunda får snudd seg rundt.

– Saksbehandlingstida for våpensøknader har skote i vêret etter den såkalla nærpolitireforma. Og no går dette utover ungar som vil prøve seg i skyttarsport, seier første nestleiar i justiskomiteen, Jenny Klinge (Sp).

Lovnad om å prioritere

I eit skriftleg spørsmål frå Jenny Klinge svarar justisminister Monica Mæland i juli at ho ser at den lange behandlingstida er uheldig for rekrutteringa til skyttarorganisasjonane.

Det er ikkje heimel i lova til å utsette avgjerder om overgangen til ny lov no, svarte Mæland då.

For å betre på situasjonen har justisdepartementet allereie bede politiet prioritere lånesøknader og førstegongssøkarar. Ifølge Politidirektoratet skal dei normalt bli behandla etter mellom to til fire veker no.

Skiglad gjeng

Unge skiskyttarar i Tingvoll IL.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dette kravet er krevjande å innfri no, svarar våpenkontoret i Agder. Dei har dei lengste våpenkøane i landet på opptil åtte veker. Det er særleg fordi dei har eit omfattande prosjekt gåande for å rydde opp etter døde våpeneigarar, grunngjev dei.

Skiskyttarforbundet støttar nytt regelverk, men er veldig spent på om lovnadene om kortare tidsbruk blir haldne.

– Vi har vore bekymra for behandlingstida. No har politidirektoratet sagt at den skal ned, men dette er noko vi kjem til å følgje opp, seier Vegar Rolfsrud, breidde og rekrutteringssjef i Norges skiskyttarforbund.