Hopp til innhold

Er det lov å pimpe opp bunaden?

Mange bytter ut linskjorta med blomstrete silkeskjorte. Er det å tulle med kulturarven? Sei di meining.

Ikke slik - men slik. Nå skal bunadsskjortene være fargerike, ikke hvite.

Fargerike skjorter har blitt populære å bruke til bunaden.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Er du lei av å sjå ut som alle andre i bunaden din 17. mai? Mange ynskjer å sette sitt personlege preg på nasjonaldrakta.

I det siste har stadig fleire kjøpt seg utradisjonelle bunadskjorter med fargar og mønster.

Andre brukar silkesjal i håret eller i halsen, hårbøylar og smykke. Og kva med å bytte ut dei klumpete bunadskoa med meir sexy bunadsstøvlettar, eller joggesko? Og cowboyhatt til herrebunaden?

Rogalandsbunad med blå skjorte

Rogalandsbunad med blå skjorte som ikkje høyrer til.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Norske bunader, som er ein av landets leverandør av bunadar, fryktar at viktig tradisjon går tapt når ein behandlar bunaden på denne måten.

Kva meiner du? Er det lov å pimpe opp bunaden og korleis bør ein gjere det?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL