Hopp til innhold

Enorm interesse

Fleire hundre personar frå Møre og Romsdal reiser i løpet av fotballsesongen over til Storbritannia for å få med seg ein eller fleire kampar.

Rune Bjerke, Liverpool-supporter

Rune Bjerke

Foto: Arne Flatin / NRK

Til helga startar Premier League og ein av dei som har skaffa seg billett til opningskampen er Liverpool-tilhengar Rune Bjerke frå Giske. Han seier det er ei fantastisk oppleving å vere på Anfield, og han reiser gjerne eit par-tre turar i året.

Men Rune Bjerke er berre ein av mange som reiser frå vårt fylke over til balløya denne og komande helgar. Menn i alderen 20 til 50 år er dei som reiser oftast. Mange reiser fleire gonger kvar sesong og legg ned store summar på lidenskapen. Supporterunionen for britisk fotball har ei blodfersk avdeling på Sunnmøre, og president Asbjørn Wille fortel at interessa er stor.

6000 frå dei to største

Asbjørn Wille

Asbjørn Wille

Foto: Arne Flatin / NRK

Tal frå dei to største supporterklubbane i landet, Manchester United og Liverpool viser at det til saman er mellom fem og seks tusen medlemmer berre i desse to fan-klubbane frå Møre og Romsdal.

Og allereie no er det venta at ei stor gruppe lokale tilhengarar reiser over til England i mars neste år for å sjå nettopp desse to laga i aksjon, seier Wille.

Ole Gunnar Solskjær

Solskjær frå glansdagane

Foto: DAN CHUNG / REUTERS

Lokale spelarar i engelsk fotball opp gjennom åra som Åge Hareide, Øyvind Leonhardsen, John Arne Riise og ikkje minst Ole Gunnar Solskjær har gjort sitt for å få opp interessa. Og tippekampane på NRK frå 1969 får som regel alltid æra for den store fotballinteressa her heime.

Fotballpub i Ålesund

Supporterunionen for britisk fotball på Sunnmøre har no inngått avtale med ein pub i Ålesund. Puben skal innreiast med fotballbilde og supporterutstyr og skal vise engelsk fotball gjennom heile sesongen.

Til helga startar Premier League i England og denne møteplassen vert eit løft for dei lokale fotballtilhengarane meiner Asbjørn Wille i Supporterunionen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL