Hopp til innhold

– Eg var litt flau over å synge klassisk før

Stine Hole Ulla gjekk fredag sigrande ut av talentkonkurransen Norske Talenter på TV2. Fram til konkurransen har det å synge opera «ikkje vore så kult». – Eg har av og til ønskt at eg song pop.

Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulla gjekk sigrande ut av talentkonkurransen Norske Talenter på TV2. Jenta frå Sykkylven blir rosa opp i skyene av ordførar, etter at bygda stod på hell fredag kveld.

Foto: TV2

17-åringen frå Sykkylven har alltid vore glad i song. Då ha var 12 år tok ho sine første songtimar. Då ho var 14 byrja ho med klassisk song.

– Eg hadde fått ein klassisk note med ho mamma i julegåve, før eg meldte meg på UKM. Etter det søkte eg til Unge Musikere i Trondheim, fortel Stine Hole Ulla.

Der enda det med klassisk studium, for ho kom inn som håpt.

– Difor blei det klassisk song, men eg likar det veldig godt.

Imponerte med opera frå 1918

Fredag gjekk ho sigrande ut av Norske Talenter, talentkonkurransen på TV2. Ho har imponert både dommarar og folket i det ganske land.

Ho syng altså klassisk, med ei klår sopranrøyst. Ein operasongar verdig.

Den 21. september blei ho litt kjend. Då fekk folk i Noreg sjå henne på audition. Ho song «O Mio Babbino Caro», frå operaen Gianni Schicchi laga i 1918.

Etter det har det gått slag i slag, kvar fredag har ho imponert. Fredag 23. november gjekk ho vidare til finalen.

Der møtte den vaksne jenta på 17 to menn, i visesongar Anders Jektvik (29) og breakdansar Navid Rezvani (29).

Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulla, 17 år gammal, både imponerte og sjarmerte det norske folk over fleire månader med song.

Foto: TV2

– Skikkeleg jentereaksjon

I finalen imponerte ho endå ein gong, trass i godt med nervar.

– Eg var ganske så nervøs. Det var mykje nervar i sving, men heldigvis var dei to andre gutta snille mot meg. Vi hadde eit rom for oss sjølve, og der fekk eg summa meg, fortel 17-åringen.

– Men eg grein ein del på bakrommet før eg skulle på scena.

Det enda altså i siger, og Stine Hole Ulla blei den første kvinnelege deltakaren som vann programmet.

– Korleis var følelsen då du blei utropt som vinnar?

– Det var heilt fantastisk. Eg var sikker på at éin av dei andre kom til å vinne. Så då eg blei utropt kunne eg ikkje anna enn å hyle. Skikkeleg jentereaksjon, flirer ho.

Saka held fram under bildet.

Heiagjeng frå Sykkylven

Under finalen hadde heile klassen til Stine teke turen. Det hadde familie, venner, ordførar og songlærar òg.

Foto: Petter Lyshol

– Ho er eit unikum

I salen sat halve bygda. Heile skuleklassa frå Sykkylven hadde tatt turen, med ordførar, songlærar og slekt på slep.

– Eg kan knapt beskrive kor kjekt det var med all støtta. Det var fleire hundre på kulturhuset heime og såg meg på storskjerm. Så snilt gjort! Eg er så takksam for at folk bryr seg.

Ordførar og musikklærar

Ordførar i Sykkylven kommune, Petter Lyshol (t.v.) er mektig imponert over den unge innbyggjaren. Til høgre sit musikklærar til Stine, Jostein Maude. I midten sit kona til Maude.

Foto: Petter Lyshol

Då ho blei utropt som vinnar stod sunnmørsjubelen i taket.

– Det var ei stor oppleving, og eg er utruleg stolt over denne jenta. Ho står fram som rutinert sjølv om ho er berre 17 år, seier ordførar i Sykkylven kommune, Petter Lyshol.

– Ho er roleg og ter seg flott. Og då eg førte over ein telefon frå Kulturhuset tett før avgjersla helste ho fint. Ho hadde roa og takla situasjonen. Ho er eit unikum, seier ein ekstatisk ordførar.

Samanlikna med Sissel Kyrkjebø

Allereie før finalen hadde ho blitt samanlikna med Sissel Kyrkjebø, éin av Noreg sine mest kjende sopranar. I finalen, etter Stine sitt siste nummer, var dommar Alex Rosén tydeleg.

Dommarane i Norske Talenter

Dommarane i Norske Talenter har late seg imponere over 17-åringen frå Sykkylven. F.v.: Adil Khan, Mia Gundersen og Alex Rosén.

Foto: Petter Lyshol

– Du er som ein engel. Eg har opplevd dette éin gong før og det var då Sissel Kyrkjebø starta på byrjinga av 80-talet.

Kyrkjebø gav ut albumet «Sissel» det året ho fylte 17 år, etter fleire år og framføringar i TV.

For Stine Hole Ulla skal ting gå roleg framover, ifølgje ho sjølv.

– Eg må ta steg for steg. Eg skal fullføre vidaregåande og så skal pengane brukast på musikk. Det blir forhåpentlegvis musikkstudium.

Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulla, her under finalen i Oslo fredag, fortel at ho av og til har ønskt at ho song pop. Det tenkjer ho ikkje etter Norske Talenter.

Foto: Petter Lyshol

Var flau over å synge klassisk

Og då vil ho helst gå klassiske musikkstudium. Det har ikkje vore sjølvsagt.

– Før var det av og til at eg skulle ønskje at eg song pop. Eg var litt flau, fortel ho.

For «det er liksom ikkje så kult», seier 17-åringen frå Sykkylven.

– Etter Norske Talenter er det litt herleg å synge opera og klassisk. Det er litt annleis.

– Og det er ei meistring. Ein må verkeleg jobbe for å få det til, avsluttar Stine Hole Ulla.

Sjå korleis Sykkylven lada opp til finalen i videoen under:

I kveld går Stine Merethe Ulla på scena som ein av tre deltakarar i finalen i Norske talenter på TV2. Heime i Sykkylven er forventningane skyhøge. Det er rigga til fest i kulturhuset for alle som vil følgje finalen på storskjerm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL