NRK Meny
Normal

Let seg ikkje stoppe av helgas bombeangrep

Mykje sinne etter bombeangrepa, og stor uro og frykt i dagane før bombinga. Slik beskriv ålesundskvinna Elizabeth Hoff dei siste dagane i Syria.

Elizabeth Hoff

Elizabeth Hoff frå Ålesund har leia det humanitære hjelpearbeidet i Syria i snart sju år. Ho fortel at arbeidet hennar hos WHO går som normal etter helgas bombeangrep.

Foto: Salvatore Di Nolfi / Ap

Natt til laurdag angrep USA, i samarbeid med Frankrike og Storbritannia, fleire mål i Syria. WHO-sjef Elizabeth Hoff frå Ålesund, som bur og arbeider i Damaskus, låg og sov då bombinga starta.

– Ei av bombene trefte eit område som ligg rundt 15 minutt i bil frå der vi jobbar og bur, seier ho til NRK.

Jobbar for fullt

Men laurdagens bombeangrep i Syria stoppar ikkje Hoff. Søndag er ho i full sving på kontoret i Damaskus. Der har ho i snart sju år leia det humanitære hjelpearbeidet til Verdsorganisasjonen for helse, WHO. Ingen i FN-systemet har vore lenger i det krigsherja landet enn jordmora frå Ålesund.

– Det har vore sterk uro og mykje frykt i dagane før angrepet. I ettertid har det vore mest sinne blant befolkninga, forklarar Hoff. Ifølgje henne skuldast dette at bombinga skjedde før Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) hadde fått undersøkt kva det var det som drap over 40 barn og vaksne i byen Douma i Aust-Ghouta 7. april.

Har ikkje hatt tilgang

Hoff fortel at det som blir beskrive som eit kjemiske angrepet blei rapportert av samarbeidspartnaren deira, Gaziantep.

– Sjølv har vi til no ikkje hatt tilgang til Douma der angrepet skjedde.

USA og Nato meiner at det er regimet til president Assad som står bak angrepet. Syria nektar, og får støtte frå Russland. Russland meiner angrepet kan ha vore iscenesett av Storbritannia. Hoff fortel at det i går var det sterke protestar i Damaskus mot bombinga.

– Det er svært mange også i opposisjonen som ikkje trur at regjeringa står bak det kjemiske angrepet. Dei trur bombinga skjedde for å sverte regjeringa og Russland, seier hjelpearbeidaren.

Kart over Syria som viser mål

Natt til laurdag angrep USA, i samarbeid med Frankrike og Storbritannia, fleire mål i Syria.

Foto: NRK / Tom Bob Peru Aronsen

Krevjande forhold

I Syria legg Hoff til rette for at medisinar og medisinsk hjelp skal nå fram til såra og krigstrøytte syrarar.

Elisabeth Hoff i Syria

I Syria legg Hoff til rette for at medisinar og medisinsk hjelp skal nå fram til såra og krigstrøytte syrarar.

Foto: WHO

– Eg skulle etter planen heim ein tur i mai, men tvilar på at eg får anledning til det.

Hoff fortel at situasjonen i Syria er krevjande. Særleg er dei humanitære behova blant folk frå Aust- Ghouta store.

– Det er mange interne flyktningar frå Aust-Ghouta som har forlate heimane sine utan noko anna enn det dei stod å gjekk i, seier ho.