Per Hoem/Foto: Gunnar Sandvik
Uforståande
Elevane ved Fannefjord videregående skole i Molde, stiller seg heilt uforståande til at skulen er foreslått nedlagt. Skulen er den einaste i fylket med tilrettelagt undervisning for folk med rus- og psykiske problem.
Asbjørn Måløy
Treng skulen
Leiar i elevrådet, Asbjørn Tøssebro, seier dei no gjer alt for å overbevise politikarane om at skulen må få leve vidare. Utdanningssjefen har foreslått å legge ned skulen som ein del av spareprogrammet for å spare 18 millionar kroner årleg i åra framover.
Leiaren i Utdanningsutvalet, Asbjørn Måløy, håpar dei skal klare å berge skulen frå nedlegging.