Hopp til innhold

Eldrebølga blir dyr og vil krevje upopulære kutt: – Det inneber færre skular

Den kraftige auken i talet på eldre vil koste mykje. Nokre kommunar vil bli nøydde til å kutte i skular og barnehagar, meiner politikarar og ekspertar.

Elisabeth Hagerup snakker med en av beboerne på Fræna sjukehjem i Hustadvika kommune.

Spesialsjukepleiar Elisabeth Hagerup tar seg tid til å snakke med bebuarane. Ho meiner det er viktig at eldreomsorga blir bemanna med utdanna folk.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Det handlar om å gi rett medisin til rett pasient, og at pasientane får den riktige dosen.

Vilde Sortehaug er i ferd med å lage til medisinen som bebuarane på sjukeheimen i Elnesvågen i Hustadvika kommune skal få. Kvardagen er hektisk og det er mykje å gjere.

Men sjukepleiaren tek seg god tid. Det er viktig å ikkje gjere feil.

Ved sidan av står Elisabeth Hagerup. Ho følgjer nøye med når kollegaen gjer i stand medisinen. Det er slik dei jobbar i lag. Og det er slik det skal vere.

Men det krev at det er nok folk med riktig kompetanse.

– Behovet vil auke i framtida. Det inneber at ein må satse meir på eldreomsorga.

FRÆNA-SJUKEHEIM-060324-MR

– Det er ikkje nok med berre hender. Vi må ha folk med utdanning. Dei må kunne det dei skal gjere.

Elisabeth Hagerup

Spesialsjukepleiar

Fleire eldre og færre unge

Det blir fleire eldre og færre unge i framtida. Dette er ein demografisk spagat som kjem til å vekse.

I 2030 vil det for første gong vere fleire eldre enn barn i Noreg, slo Statistisk sentralbyrå fast i ein rapport frå 2020.

Det vil krevje meir folk og meir pengar til eldreomsorga i åra som kjem.

I Hustadvika er det venta ei dobling i talet på innbyggjarar over 80 år fram til 2037 medan andelen unge vil gå ned, viser kommunen sin budsjett- og økonomiplan.

– Det inneber at vi må omfordele pengar og gjere nokre smertefulle vedtak. Men vi må vere tydelege og ærlege i vår kommunikasjon med innbyggjarane, seier ordførar Nils Christian Harnes (KrF).

Nils Christian Harnes (KrF) er ordfører i Hustadvika kommune.

Ordføraren i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal, Nils Christian Harnes (KrF), ser at den demografiske utviklinga vil by på utfordringar.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Hustadvika kommune kan det innebere at spørsmål om å leggje ned eller slå saman skular kjem opp. Dette er betente saker som ofte skaper konfliktar.

– Når vi ser på elevtala så er det naturleg at dette kjem opp i større eller mindre grad framover, seier ordføraren.

Men Jarle Ugelstad Klaveness, som sit for Arbeidarpartiet i kommunestyret, går lenger. Han er ikkje i tvil om kva som ventar politikarane:

Jarle Ugelstad Klavenes representerer Arbeiderpartiet i kommunestyret i Hustadvika kommune.

– Med fleire eldre og færre unge må vi gjere strukturelle grep. Det inneber færre skular.

Jarle Ugelstad Klavenes

Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Hustadvika kommune

Tøffe val

Mange av kommunane i landet kjem til å få kniven på strupen når forskjellen mellom mengda eldre og dei få unge vert for stor. Det meiner seniorrådgjevar Håvard Moe i KS Konsulent AS.

– Anten må dei gi eit dårlegare tilbod til dei eldre fordi det ikkje er nok pengar, eller så må dei starte nokre debattar om skule- og barnehagestruktur som politikarane ikkje på nokon som helst måte har lyst å ta tak i.

Håvard Moe, seniorrådgiver KS konsulent

Seniorrådgjevar Håvard Moe i KS Konsulent AS seier kommunane må vere førebudd på nokre vanskelege vegval i framtida.

Foto: KS konsulent

Og kommunane har dårleg tid dersom dei skal få det til, seier Moe. Han trur økonomien kjem under press i løpet av få år i mange av kommunane.

– For eitt år sidan sa eg at 100 kommunar vil hamne på Robek-lista innan 2030. No er eg enda meir overtydd. No lurer eg på om dette vil skje enda fortare.

Optimist

Nokre stadar er spagaten mellom eldre og unge allereie i ferd med å skape trøbbel.

I Løten kommune i Innlandet kan fire skular bli slått saman til ein stor, felles barne- og ungdomsskule. Politikarane får saka på bordet i april.

Prognosane viser at kommunen må auke pengebruken på pleie og omsorg med 65 millionar kroner, og redusere i skulen med 15 millionar.

For politikarane kan det bety at dei må ta nokre vanskelege avgjerd i framtida.

Men ordføraren er optimist. Ho peikar på at Løten er ein vekstkommune, og er opptatt av at ein auke i talet på eldre ikkje skal vere noko negativt.

skoler i løten

– Vi har sagt at det som blir kalla for eldrebølga vil vi i staden omtale som ein ressursbølge.

Marthe Larsen Tønseth

Ordførar (Sp) i Løten kommune

Les også Sp-ordførar meiner skoletilskot berre er symbolsk – vart innført av eige parti

Ordfører Marthe Larsen Tønseth(Sp), Løten

Vil satse på dei eldre

På sjukeheimen i Elnesvågen har Elisabeth Hagerup sett seg ned saman med ein av bebuarane. Det er viktig å ha tid til å snakke saman. Og det gjer godt å ha ei hand å halde i.

Bodskapen frå dei som bur her er at det er behov for meir hjelp. Og situasjonen uroar Elisabeth Hagerup.

– No bør det bli satsa på eldreomsorga. Det har vore varsla lenge, seier spesialsjukepleiaren.

FRÆNA-SJUKEHEIM-050324-MR

– Vi har prøvd å skrike høgt om det behovet som er. Og vi føler vel kanskje til tider at vi ikkje blir høyrd.

Elisabeth Hagerup

Spesialsjukepleiar