Hopp til innhold

Sp-ordførar meiner skoletilskot berre er symbolsk – vart innført av eige parti

Dei siste to åra er det lagt ned 35 skolar i Noreg. Regjeringa vil likevel vidareføre det såkalla grendeskoletilskotet, men Sp-ordførar i Løten meiner tilskotet ikkje er til stor hjelp.

Ordfører Marthe Larsen Tønseth(Sp), Løten

DILEMMA: Sp-ordførar Marthe Larsen Tønseth i Løten kan komme til å legge ned fleire skolar. Eit grendeskoletilskott som hennar eige parti har innført, er meir symbols, seier ho.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ordførar Marthe Larsen Tønseth (Sp) i Løten i Innlandet, står truleg framfor sitt vanskelegaste år som politikar.

For ho skal endre på skolestrukturen i kommunen.

Forslaget frå kommunedirektøren er å slå saman fire skolar til ein stor felles barne- og ungdomsskole i sentrum av Løten.

Ein stor skole skal sikre nok lærarar for framtida, og dermed betre kvalitet for elevane. Og frigjere midlar som blir brukt til å halde ved like og ha tilsette ved fleire skola.

Avgjerda er preget av sterkt engasjement og mange følelsar. Saka skal avgjerast i juni 2024.

skoler i løten

Jønsrud skole er éin av de fire skolene i Løten.

Foto: Frode Meskau / NRK

Meiner tilskot berre er symbolsk

Det er i bygdekommunar som Løten tilskotet til grendeskolar skal bidra til at dei ikkje blir lagt ned.

Kommunane får 500.000 for kvar grendeskole dei har. Og mistar tilskotet om skolen blir lagt ned.

Men i Løten får det neppe noko å si.

– Tilskotet blir meir symbolsk. Vi snakkar om 20 millionar årleg som vi treng å ta inn. Da er dei halvanna millionane vi får ekstra for grendeskolane lite i den store samanhengen. Det kjem nok ikkje til å bli avgjerande for kvar vi landar, seier Larsen Tønseth.

Ordfører i Løten, Marte Larsen Tønseth, (Sp).

Saka om skolestruktur i Løten skal avgjerast i juni 2024.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ho etterlyser eit større rammetilskot frå staten, som kommunane sjølv kan bestemme korleis dei bruker.

Les også Senterpartiet kjemper for nærskolene – la ned tre i Ringsaker

Aleksander Røed Helgesen og datteren utenfor Fagernes skole i Ringsaker.

– Tilskotet er ikkje meint å dekke alle kostnadane ved å ha ein desentralisert skolestruktur.

Det svarar statssekretær i kommunaldepartementet, Ole Gustav Narud (Sp) til ordføraren i Løten.

Bilde av Ole Gustav Narud, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ole Gustav Narud (Sp) er statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Kambiz Zakaria / NRK

Narud seier det er ment som ei delvis dekning av kostnadane ved å ha ein slik skolestruktur.

– Hensikta med tilskotet er å gje ein oppmuntring til å oppretthalde ein desentralisert skolestruktur, seier han.

Kjemper for skolen sin

Ein av skolane i Løten som kan bli lagt ned, er Jønsrud barneskole.

I dag er det varme og julemusikk i alle rom. Det er den store juleverkstad-dagen.

Dei 85 elevane er delt inn i grupper med elevar frå alle dei 7 trinna, små og store er i lag.

På skolekjøkenet rår lærar Terje Nyland. Han har fått på seg forklede i anledning dagen, for han står føre gryta og har ansvar for produksjonen av tennbrikettar. Ei perfekt julegåve til foreldre eller besteforeldre med vedomn.

lærer Terje Nyland, Jønsrud skole Løten

TRIVSEL: Lærar Terje Nyland vil behalde Jønsrud skole. Han meiner ein liten skole kan gje like gode resultat for elevane som ein stor. Og at det blir større trivsel med mindre klasser.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Vi har eit unikt miljø på denne skolen. Den betyr noko heilt spesielt for oss. Og vi vil ikkje at den skal leggast ned, seier han.

Gjennom fleire år har Jønsrud skåra godt, både på skoleresultat og trivsel.

Les også Elevene trosset kommunen – demonstrerte før skjebnemøte

Skoledemonstrasjon i Namsos

Noko heilt spesielt

I Løten er det ikkje veldig lange avstandar mellom skolane i dag. Men fleire elevar må ta buss om skolar blir slått saman.

Foreldreutvalet på Jønsrud har sagt at dei ønskjer å behalde dagens skolestruktur, og det støttar ei av foreldra, Oda Pettersen.

Oda Pettersen, mor til elever ved Jønsrud Skole i Løten

PROTESTERER: Oda Pettersen har to born på Jønsrud skole. Ho og mannen flytta til Løten frå Oslo for halvtanna år sidan. Ho meiner det blir feil å sette små skolar opp mot kvalitet. – Det er ein kvalitet i seg sjølv å gå på ein liten skole, seier ho.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ho og mannen flytte hit for to år sidan, blant anna for at ungane skulle få gå på ein mindre skole.

– Her på skolen er ungane trygge. Mykje av undervisninga skjer på tvers av alderstrinna. Slik får ungane eit veldig trygt læringsmiljø. Og skolen betyr veldig mykje for at folk trivast i grenda – også utanom skoletid, seier Pettersen.

Kvalitet først

Høgre er svært usamd med regjeringa i at det skal løne seg å behalde grendeskolar.

Stortingsrepresentant Kari-Anne Jønnes frå Oppland, meiner kommunane må bli sjølvstendige skoleeigarar som tek tak i dei utfordringane skolane møter i åra som kjem.

Det er mellom anna å bruke pengar på kvalitet på undervisninga og skoledagen, framfor å halde ved like mange skolebygg.

Kari-Anne Jønnes. Stortingsrepresentant for Høgre

VIL ENDRE: Kari-Anne Jønnes frå Oppland Høgre ber regjeringspartia og SV endre på grendeskoletilskotet. Ho meiner kommunane må få bruke det til det dei meiner er best for sine skolar.

Foto: Kristian Skårdalsmo

Nå oppmodar ho regjeringa og SV til å endre på tilskotet frå neste år.

– Nå blir kommunane løna for å ha mange skolebygg. Og straffa om dei tenker effektivt og vil ha større skolar. Det blir heilt feil. Pengane kan mellom anna brukast på å gje lærarar vidareutdanning, til nytt skolemateriell. Og til å ha råd til helsepersonell på skolane, seier ho.

Ole Kristian Narud (Sp) seier de meiner tilskotet er viktig av hensyn til barna og nærmiljø, og nevnar lange skolereisar som eit døme på noko som ikkje er forsvarleg.

Men kommunane bestemmer. Det som den nye regjeringa har gjort er å innføre eit tilskot som dekker ein del av meirkostnadane ved å ha ein desentralisert skolestruktur, seier han.

Les også Privatskular får nei: – Vi merkar politikken til regjeringa

Elev ved Tomb videregående skole klapper hest

Vil halde fram

Det var Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum, som fekk dette merka tilskotet inn på statsbudsjettet i 2022.

Det er vidareført i år og forslaget er at det skal halde fram neste år. Til saman utgjer det rundt 1,3 milliardar kroner.

Les også Slagsvold Vedum kjemper for datterens skole: – Dette er hjertesaken min

Trygve Slagsvold Vedum