Hopp til innhold

Ferjer og bomselskap tapar på elbilane

Dei som køyrer elbil slepp å betale for biltakst på ferjene. Sviktande inntektsgrunnlag gjer at reiarlag no søkjer om erstatning frå fylkeskommunen.

Elbilar

Salet på elbilar eksploderer. Ei årsak er dei mange økonomiske fordelane det gir. Men det fører også til ulemper – for andre enn elbilbrukarane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ferjeselskapa krev samla rundt ein million kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune for tapte billettinntekter på grunn av auken i talet på elbilar.

Vil ha erstatning

Dag Hole

Dag Hole i samferdselsavdelinga seier fylkeskommunen får millionkrav frå reiarlag og bompengeselskap som ergrar seg over tapte elbilinntekter.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi har teke imot krav frå reiarlaga om dekning av elbilbruk. Det er i ein relativt beskjeden grad, men det er ei problemstilling som vil forsterke seg i takt med at bruken av elbilar vert meir og meir vanleg, fortel Dag Hole i samferdselsavdelinga.

I Trøndelag vurderer fylkeskommunen å gjere slutt på gratis ferje for elbilar på strekninga Flakk-Rørvik fordi det fører til store underskot. No merker ferjene også i vårt fylke auka tap i billettinntekter fordi elbilane reiser gratis.

– Kva gjer de med krava frå ferjeselskapa?

– Dei er til behandling nett no. Delar av krava vil vere naturleg å imøtekome, men vi er ikkje ferdige med behandlinga, så eg kan ikkje dra ein endeleg konklusjon, avsluttar Hole.

Artikkelen held fram etter bildet.

Bjørnar Høstmark

Bilseljar hjå Bavaria i Molde, Bjørnar Høstmark, fortel om lang ventetid for å få ny elbil. Demobilen BWM i3 er stort sett på utlån, så han kan berre vise NRK ei brosjyre av bilen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Mange goder

Elbilsalet har eksplodert i Noreg siste året og toppar salet av nye bilar. Men mange av elbilgodene, som gratis ferje og fritak på bomvegar og parkering, er under press og kan forsvinne – sjølv om Stortinget har freda ordninga ut 2017.

– Demonstrasjonsbilen står sjeldan i fred. Vi har faktisk venteliste for å få prøve bilen, fortel Bjørnar Høstmark ved bilforretninga Bavaria om den sterke interessa for elbil.

– Kjøper elbil for pengane sin del

Per i dag må kundar vente i eit halvt år før dei kan få kjøpt elbil frå bilforhandlaren som held til i Molde. Høstmark har inntrykk av at det er sparte kroner, heller enn miljø, som er trekkplasteret for kundane.

– Grunntanken bak elbil er miljøomsyn, men dessverre så tenkjer folk mest på at dei vil kunne spare ferje- og bomutgifter. Det synest eg vert litt feil, seier han.

– Men dersom moglegheita for å sleppe bompengar, ferjetakst og parkeringskostnader forsvinn,- korleis trur du det vil påverke elbil-salet?

– Det trur eg vil påverke interessa ein heil del. Somme er sjølvsagt interesserte uansett, men det er bompengar og ferjetakstar som er det heilt store, seier bilseljaren.