Hopp til innhold

Ekornes skal kutte kostnader- det kan bli oppseiingar

Møbelkonsernet Ekornes i Sykkylven skal redusere kostnadane med 150 millionar kroner innan utgangen av neste år. Konsernsjefen ser ikkje bort frå at det kan bli nedbemanning.

Møbeltrekking Ekornes

I august startar Ekornes eit program for å redusere kostnadene.

Lønsemda i Ekornes har falle dei siste åra og no set konsernet i gang tiltak for å redusere kostnadene. Innan utgangen av 2016 skal det sparast 150 millionar kroner.

– Den umiddelbare situasjonen er ikkje akutt. Det er utviklinga over tid som er problematisk. Dei siste fire-fem åra har vi hatt tap av lønsemd, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes.

Olav Holst-Dyrnes

Olav Holst-Dyrnes er konsernsjef i Ekornes og han kan ikkje sjå bort frå at det blir nedbemanningar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er ingen konkrete planar om nedbemanning per i dag, men Holst-Dyrnes ser ikkje bort frå at det kan kome til å skje. Konsernet har over 2300 tilsette.

For å redusere kostnadene leitar verksemda etter plassar dei kan effektivere meir, på til dømes innkjøp og transportlogistikk.

– Å ha hovedtynga av møbelproduksjonen i Noreg er utfordrande kostnadsmessig. Vi er det dyraste landet i verda når det gjeld arbeidskraft, så vi må vere best på det vi gjer, for å vere konkurransedyktige, seier Holst-Dyrnes.