NRK Meny

Einaste sølvtinevinnar i Noreg

Den einaste sølvtinemottakaren for geitemjølk er frå Stranda. Sølvtina er den høgste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for si råvarelevering.

 Tor Lie

Kun ei av dei 117 sølvtinene gjekk i år til ein geitebonde, nemleg til Tor Lie frå Stranda.

Foto: Katrine Lunke

Artikkelen er flere år gammel.

TINE måler kvar dag kvaliteten på mjølka som bøndene leverer.

Den beste mjølka får tittelen «elitemjølk» og bønder som klarer å levere den mjølka kvar einaste dag i 15 år blir heidra med Sølvtina.

– Mottakarane av Sølvtina har vist svært god drift og imponerande fagleg dyktigheit over lang tid. God kvalitet på mjølka vi får inn til meieria våre er avgjerande for kvaliteten på produkta, seier konsernsjef Hanne Refsholt.

Sølvtina er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for si råvarelevering. Nær 5500 dagar med god fjøsdrift og god dyrevelferd må til for å kunne ta imot den eksklusive tina i sølv.

Meir elitemjølk enn før

I år vart 117 mjølkeprodusentar heidra med Sølvtina og tre av desse er frå Sunnmøre.

  • Edith Flakk Nordang og Jon Arne Nordang, Norangsfjorden
  • Birgit Kjerstad og Atle Longva, Longva
  • Tor Lie, Stranda

Kun ei av dei 117 sølvtinene gjekk i år til ein geitebonde, nemleg til Tor Lie frå Stranda.

Styreleiar Trond Reierstad i TINE er stolt over den dyktigheit og flid mottakarane av Sølvtina representerer.

– Topp kvalitet på norsk råvare er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. Dei siste 15 åra har andelen elitemjølk auka jamt, seier Trond Reierstad.

Sølvtinene vart overrekt av konsernsjefen og styreleiaren i TINE under eit arrangement på Lillestrøm 22. april.

Siste video/lyd

Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.
Eit heilt spesielt forskingsprosjekt er i gang ved Runde i Herøy. Aldri før er det gjort ei så stor undersøkning med bruk av ny teknologi langs kysten for å kartlegge øko-miljøet. Målet er mellom anna å finne ut kvifor bestanden av toppskarv og lundefugl går så kraftig ned.