Hopp til innhold

Ein tredjedel av sjukepleiarane flykta frå denne avdelinga

Høgt arbeidspress har gjort at 16 sjukepleiarar slutta i jobben på sengeposten ved sjukehuset i Ålesund på to år. No slår tillitsvalde alarm.

Sengeposten Medisin 1, Ålesund sjukehus

I 2016 vann avdelinga pris for beste arbeidsmiljø. Etter dette har arbeidspresset blitt så stort at tillitvalde er bekymra.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg grudde meg til å gå på jobb. Tempoet var så høgt at eg var livredd for å gløyme noko viktig, seier ei sjukepleiarane som har valt å slutte i jobben på sengeposten, med hjarte- og lungesjuke.

Kvinna, som vil vere anonym, fortel at ho sprang heile arbeidsdagen. Ofte var det ikkje tid til dopausar og ho åt i fart. Etter jobb gjekk ho heim med gråten i halsen. 15 andre har også slutta i løpet av to år, og dei fleste har oppgitt til fagforeinga si at høgt arbeidspress er hovudårsaka.

Vann pris for beste arbeidsmiljø

I 2016 vann den medisinske sengeposten ved Ålesund sjukehus pris for sitt gode arbeidsmiljø. Sjølv om det også då var ein hektisk kvardag for dei om lag 50 tilsette, var det smil og latter på avdelinga. I ettertid har avdelinga mista ei sjukepleiarstilling. Det har ført til auka arbeidsmengd på dei andre.

Kathrine Grande Røsvik er tillitsvald ved avdelinga og no har ho slått alarm om arbeidspresset. Ho har varsla både statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie.

– Vi likar å ha hektisk arbeidskvardag, men når pasientane er dårlege og det er så hektisk at vi kjenner at vi ikkje har kontroll, då er det ikkje kjekt, seier Røsvik. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Kathrine Grande Røsvik er tilitsvald ved Ålesund sjukehus

Tillitsvald Kathrine Grande Røsvik har sendt brev både til statsministeren og helseministeren for å fortelle om kvardagen på sengeposten.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire avviksmeldingar

Helse Møre og Romsdal har dei siste åra gått med underskot og er inne i ein prosess for å få orden på økonomien. For den medisinske avdelinga betyr sparetiltaka at dersom nokon er sjuke, blir dei ofte ikkje erstatta av vikarar, ifylgje den tillitsvalde. Røsvik seier at det å vere for få sjukepleiarar, har blitt ei stor belastning som slit på dei som er att.

Dei tilsette har sendt inn fleire avviksrapportar det siste året, som blant anna fortel om låg bemanning.

– Arbeidsoppgåvene har auka, samstundes som vi mista den eine stillinga, seier Røsvik. Ho meiner bemanninga er skore ned til beinet.

«Heile helga har vore kritisk mtp bemanning, alle skift. Ingen har hatt pause, vi har jobba på tom mage alle sammen. Fredag var dei travelt på dagvakta og dette forplanta seg på seinvakta.» (Utdrag frå avviksmelding)

...Når det kommer til pasienten vi allerede hadde inne så var det igjen flaks at det ikke ble noen krevende situasjoner (høyaktuelle situasjoner i vår avdeling: dårlige pasienter, fall eller andre uheldige hendelser) som krevde begge sykepleierne til stede over tid. (Utdrag fra avviksmelding)

Vil sjå på arbeidsflyten

Konstituert klinikksjef Jorun Bøyum seier at det er fint at sjukepleiarane seier frå. Ho synest det er alvorleg at så mange har slutta på avdelinga og vil finne ut kvifor dei har gjort det. Ho trur problemstillinga er samansett.

– Vi ser på mange ting i forhold til det som har kome opp. Vi ser på arbeidsflyt, turnusar, dokumentasjon og korleis vi kan legge til rette, seier Bøym. Dette arbeidet skal leiinga gjere saman med dei tilsette.

Jorun Bøyum er konstituert klinikksjef ved Ålesund sjukehus

Jorunn Bøyum, konstituert klinikksjef, seier at dei vil sjå på arbeidsflyt og turnusar saman med dei tilsette.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vurderer å slutte

Ei undersøking frå Sjukepleiarforbundet viser at 15 prosent av sjukepleiarane i landet vurderer å slutte. Stor arbeidsbelastning er den viktigaste grunnen, deretter kjem låg løn.

Dei 16 som forlét den medisinske sengeposten i Ålesund, jobbar framleis i helsevesenet, men på andre stader. Kvinna som grudde seg til å gå på jobb, fortel at ho har fått ein ny kvardag.

– Sjølv om eg framleis har ansvar for mange pasientar, kan det ikkje samanliknast, seier ho. Tillitsvald Katrine Grande Røsvik har hatt tankar om å slutte, men håper på ei endring, slik at arbeidspresset blir mindre.

– Eg har lyst å jobbe vidare her og få oss på beina att, slik at det blir ein god plass å vere, seier Røsvik.