NRK Meny
Normal

Verdsett for godt arbeidsmiljø

Dei har eitt av dei beste arbeidsmiljøa i landet. No har dei tilsette på hjarteavdelinga på Ålesund sjukehus fått konsert i premie for det gode humøret sitt.

Hjerteavdelinga får pris

Medisinsk avdeling ved Ålesund sjukehus har fått ein pris for sitt gode arbeidsmiljø.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Godt arbeidsmiljø har hatt sterkt fokus i årevis på medisinsk avdeling ved sjukehuset i Ålesund.

Sølvi Kolseth

Sølvi Kolseth seier at humor og godt humør er heilt nødvendig.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

No har dei fått KLPs arbeidsmiljøpris «Smil! Du er på jobb» for det gode miljøet ved avdelinga. Ein konsert for tilsette med kollegaer, vener og familie var premien i ein landsomfattande konkurranse.

Trass travle dagar med alvorleg sjuke, er det også mykje smil og latter på avdelinga.

– Eg trur det er heilt nødvendig at vi har det gode humøret vi har, og at vi bruker humor på jobb. Det blir ein del galgenhumor innimellom, men eg trur vi treng det for å overleve, seier Sølvi Kolseth, sjukepleiar.

Har det kjekt både på og utanfor jobb

Dei omkring 60 tilsette ved avdelinga har opplevd omorganiseringar, nedskjeringar og flytting. Men trass i alle endringane har humøret blitt verande.

Medisinsk avdeling Ålesund

Latteren sit laust på avdelinga.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Eg har jobba her i over 13 år, og i løpet av alle mine år her, så er det den måten vi har overlevd på, seier Mariann Urke, spesialsjukepleiar.

Inspirasjonen til å stå på finn dei i samhaldet som dei har både på og utanfor jobb.

– Uansett kven vi jobbar saman med så ligg det gode humøret i botnen. Etter ei tid greier vi å bli vener og har det sosialt og kjekt saman, både på jobb og på fritida, seier Kolseth som har jobba ved avdelinga i over 20 år.

Dei har ikkje innført eigne humørtestar på nye kollegaer, men det er likevel lett å forklare kvifor det er så mange smil på avdelinga.

– Det er fordi vi er ein veldig variert gjeng, både på grunn av veldig kjekke pasientar og tilsette. Vi meiner at når vi har det bra og pasientane har det bra, då har vi gjort jobben vår, seier Urke.

Konsert med RAVI

Premien var ein konsert med artisten RAVI.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK